Det blir framleis testa mykje i dalen. Her eit bilete frå testing av koronasmitte ved Ål legevakt 6. januar.

Ny smitta i Gol - heng saman med tidlegare tilfelle

Onsdag fekk Gol ein ny positiv koronaprøve. Personen sat alt i karantene.

– Dette har samanheng med dei tidlegare tilfella me har hatt dei siste vekene, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Tilfellet er det sjuande i Gol sidan 18. desember. Kommunen har blant anna hatt eit par tilfelle av såkalla innreisesmitte den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedkommande som no har testa positivt for koronaviruset, er nærkontakt til ein som alt var smitta.

– Personen er i fin form, og var alt i karantene, seier Thurainayagam.

Det betyr at den positive prøva ikkje utløyser nokon ny sporingsjobb eller nye personar i karantene.

– Smitteverntiltak er alt gjennomført. Me har kontroll, seier kommuneoverlegen.

Les også
163 personar i Hallingdal har fått vaksinen
Les også
Trygt å få handverkarar heim