Hallingdølen var innom Sport1 på Geilo før jul, rett etter at kommunen innførte påbod om munnbind. Randi Sjåstad (t.h.) i Sport1 tok smittevernet på alvor, kundane det same.

Anbefaler at påbodet om munnbind blir forlenga

Kommuneoverlegane i Hallingdal ber om at påbodet om munnbind på offentleg stad blir halde oppe i to nye veker.

– Det er lite smittetrykk i Hallingdal no, det viktigaste for oss no er å verne om det me har, seier kommuneoverlege Nils Høva.

Vil førebygge

Legane var fredag samla i kommuneoverlegeforum (KOLF). Der diskuterte dei blant anna munnbind. Alle kommunane valde før jul å innføre eit påbod om å bruke dette på offentlege stader i Hallingdal, der det ikkje er mogleg å halde ein meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt nyttår vart dette påbodet forlenga til å gjelde fram til og med 17. januar, altså førstkomande sundag. Men legane ser helst at det blir to nye veker med munnbind.

– Det handlar om å førebygge. Sjølv om trykket er lågt no, er det enno ikkje avklart om det blir etterdønningar etter jule- og nyttårsfeiringa, seier Høva.

Les også
Trygt å få handverkarar heim

Dei fleste er flinke

Det er snart ein månad sidan det første påbodet kom, og hallingane har blitt både vande og flinke med bruken av munnbind.

– Det har blitt godt innarbeida. Nokon slurvar, men dei aller fleste er flinke. Me ser at dette nyttar. Dessutan tar det seg bra ut at me fastbuande brukar det, ovanfor dei som kjem hit i helgene, seier Høva.

Det blir no opp til kommunane å avgjere om dei vil følgje anbefalingane frå kolf og forlenge påbodet.

Les også
Kom frå utlandet - var koronasmitta