Illustrasjonsfoto er frå ein koronatest på Flå tidlegare i haust.

Nok eit tilfelle av koronasmitte bekrefta i Gol

Fredag kveld tikka det inn nok eit positivt prøvesvar på Gol, eitt døgn etter det førre.

Torsdag kveld kunne kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam fortelje at ein person var koronasjuk i Gol. Samstundes fortalde han at nærkontaktane var sett i karantene, og at det var god kontroll på situasjonen.

Det vart tatt testar i samband med smittetilfellet, og fredag kveld kom det tilbake eit positivt prøvesvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Testen vart tatt på torsdag. Det har samanheng med det tilfellet me hadde i går, fortel Thurainayagam.

– Smitteverntiltak var alt i verkssett, seier kommuneoverlegen vidare.

Les også
Ein person koronasmitta i Gol - alle nærkontaktar er varsla

Personen som no er bekrefta smitta er i heimeisolasjon. Formen er meldt å vere god.

– Det er ingen definerte nærkontaktar etter kartlegging, seier Thurainayagam.

Gol har dermed fått sitt tredje smittetilfelle etter sommaren. Det første kom i slutten av august, det andre kom altså på torsdag.

Smittekjelda for det bekrefta tilfellet torsdag var meldt å ikkje vere lokal.

Les også
31 i karantene etter koronasmitte ved Drammen sjukehus