Ein tilsett ved Drammen sjukehus har testa positivt på korona. Arkivfoto.

31 i karantene etter koronasmitte ved Drammen sjukehus

Ein radiograf ved Drammen sjukehus har testa positivt på covid 19.

24 pasientar og sju tilsette blir sett i karantene etter nærkontakt med den tilsette, melder Vestre Viken helseføretak i ei pressemelding.

Det er ukjent kvar vedkomande har blitt koronasmitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

All planlagt MR-drift er utsett og Drammen sjukehus får no hjelp frå Bærum sjukehus. Øyeblikkeleg hjelp og hastepasientar går som normalt.

Alle tilsette som er sett i karantene blir følgd opp av avdelinga og av Drammen kommune. Pasientane som sjukehuset har ringt til er informert om at dei må i karantene i 10 dagar. Dei har også blitt bedt om å ta kontakt med heimkommunen sitt smittevern dersom dei får symptom.

Les også
Ein person bekrefta koronasmitta — oppheld seg i utlandet
Les også
Nærkontaktar har testa negativt for korona
Les også
Mogeleg å sikre seg mot influensa på apoteket
Les også
– Apotekvaksineringa er eit lite bidrag