Korona: Kommunelege i Gol kommune Jagannivasan Thurainayagam

Ein person koronasmitta i Gol - alle nærkontaktar er varsla

Torsdag kveld kom det eit positivt prøvesvar til legekontoret i Gol.

– Testen vart tatt i går, og svaret kom i dag. Smittekjelda er kjent, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen torsdag kveld.

Det er det første smittetilfellet som er registrert i Gol på nesten to månader. Det siste kom 22. august, den gongen var situasjonen oversiktleg. Det er den no også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Personen er i heimeisolasjon og i fin form, seier Thurainayagam.

– Me har god oversikt over nærkontaktar, som er varsla. Me har god kontroll over situasjonen, seier han.

– Kan du seie noko meir om kor personen har blitt smitta?

– Vedkommande vart smitta av ein nærkontakt som ikkje er lokal, seier Thurainayagam.

Ein av den smitta personens nærkontaktar er testa som følgje av det positive prøvesvaret.

Les også
31 i karantene etter koronasmitte ved Drammen sjukehus
Les også
Jobbar nesten heile døgnet - tek til orde for «pandemiberedskap»