Kommuneoverlege i Gol kommune, Jagannivasan Thurainayagam.

Ein person koronasmitta i Gol

Laurdag fekk Gol sitt første positive tilfelle av koronasmitte sidan påske.

– Testen vart tatt i går, og me fekk svaret i dag. Me har ei aning om kva smittekjelda er, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen laurdag ettermiddag.

Han fortel at den som no er koronasjuk, ikkje er smitta lokalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedkommande er i heimeisolasjon, og i fin form. Det er snakk om ein nærkontakt, og denne er sett i karantene, fortel Thurainayagam.

Han seier vidare at dei har god oversikt og kontroll over situasjonen.

Dagens smittetilfelle er det tredje i Hallingdal etter sommaren. Frå før er ein person i Hol og ein i Ål bekrefta smitta.

Les også
Ein person koronasmitta i Hol
Les også
Ein person koronasmitta i Ål