Lege Jørn Ingve Tømmerstrand under testing av potensielle koronasmitta ved Ål legevakt i vår.

Ein person koronasmitta i Hol

– Me har kontroll på nærkontaktane.

Det seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.

Den koronasmitta vart testa fredag, og svaret kom denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nærkontaktane er no testa, og me ventar på svar på desse, seier Strømmen.

Smittekjelda i dette tilfellet er kjent.

Fleire nyheiter om korona? Sjekk vår samleside

Hol var ein periode i vår den kommunen som var hardast råka av koronaviruset. Talet har lenge ligge på 49 smitta. Det siste tilfellet kom 9. april, i påska.

Med det siste tilfellet rundar kommunen no 50 registrerte tilfelle sidan utbrotet kom.

Den koronasmitta som no er registrert i Hol, er den andre i Hallingdal den siste tida. 12. august kom nyheita om at ein person i Ål hadde blitt smitta av viruset, ein hyttebebuar. Denne personen hadde blitt smittespora i ein annan kommune, og har ikkje hatt nokon nærkontaktar i Ål.

Les også
Ein person koronasmitta i Ål
Les også
Koronasjuke kvinner vart henta ned frå vidda
Les også
Nytt koronautbrot kan stenge skular og barnehagar igjen