Lege Jørn Ingve Tømmerstrand og sjukepleiar Marianne Fluto testa potensielle koronasmitta i vår, då utbrotet var på sitt verste.

Ein person koronasmitta i Ål

Onsdag fekk Ål eit positivt testsvar. Ein hyttebuar er smitta av koronaviruset.

– Dette er ein person som er smittespora i ein annan kommune. Me har full kontroll på situasjonen, seier kommuneoverlege i Hol og Ål, Geir Strømmen.

«Snilt» tilfelle

Dette er det første positive testsvaret Hallingdal har fått sidan påskeveka. Personen det er snakk om, er på ei hytte i Ål kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedkommande har vore i nærkontakt med ein koronasmitta, og fekk beskjed om å teste seg. Det gjorde personen her. Testresultatet kom att som positivt, seier Strømmen.

Les også
Nytt koronautbrot kan stenge skular og barnehagar igjen

Kommuneoverlegen understrekar at dei har full kontroll på situasjonen.

– Vedkommande har ingen nærkontaktar i kommunen. Slik sett er dette eit snilt tilfelle. Men det er likevel ein påminnar til oss alle, seier Strømmen.

Fleire nyheiter om korona? Sjekk vår samleside

Den koronasmitta hyttebuaren sit no isolert på hytta si. Der skal vedkommande sitje ut isolasjonstida. Når den er over, blir det heimreise til eigen kommune. Den smitta har ingen symptom på sjukdom, ifølgje Strømmen.

Stadig fleire smitta

Onsdag kunne vekesrapporten frå Folkehelseinstituttet (FHI) opplyse om at talet på nye smitta i Norge er nesten dobla frå veke 31 til 32. I veke 31 vart det rapportert om 199 tilfelle, i veke 32 var talet 357.

Les også
– Me balanserer på ein knivsegg

Årsaka til auken er både utbrotet på Hurtigruta, smitte frå utanlandsreisande og unge smitta som har fått viruset etter å ha vore på private arrangement.

I løpet av dei siste dagane har det blitt utført fleire testar i Hallingdal som er relatert til utbrot i og rundt hovudstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Desse har vore i nærkontakt med smitta i Oslo og Bærum. Etter at dei fekk beskjed om det, vart dei testa her oppe. Men ingen av dei var positive. Det har med andre ord vore nærkontaktar i omløp her i dalen, men det har gått bra, seier Strømmen.

Les også
Koronasjuke kvinner vart henta ned frå vidda

Han meiner dette, og dagens positive smittetilfelle i Ål, bør vere ein påminnar for alle.

– Det nærmar seg, seier han.

Nye karantenereglar

Det er framleis låg smitte i den norske befolkninga totalt. Dei siste to vekene er 10,4 personar smitta per 100.000 innbyggarar. Men det kjem stadig nyheiter om lokale utbrot og nye tilfelle. Seks kommunar har til no hatt stigande smittetrend; Oslo, Trondheim, Lillestrøm, Stavanger, Indre Østfold og Halden.

På ein pressekonferanse onsdag ettermiddag opplyste helseminister Bent Høie om at det frå no bli gjeninnført karanteneplikt for alle som har hatt nærkontakt med ein smitta person.

Les også
- Den einaste måten å unngå at desse 2-3 smittebombene utviklar eit episenter for smitte, er å halde avstand