Siste innspurt: Stem fram «Årets hyttehalling»

Kven meiner du fortener tittelen «Årets hyttehalling» 2022?

Me bad lesarane om å nominere kandidatar til tittelen, og fekk inn gode forslag. Her presenterer me seks personar som av ulike grunnar har blitt nominert av kjente, hyttenaboar eller fastbuande. Men for å kåre ein vinnar treng me di hjelp!

På Hallingdølens nettside kan du gi di stemme. Det er lov å stemme éin gong per dag, og fristen går ut ved midnatt 21. desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinnaren blir gjort kjent ved nyttår.

Her er stemmeskjema. Presentasjon av kandidatane følgjer under!

Torgeir Bjerknes.

Torgeir Bjerknes (63), Bergen.

Bjerknes har hytte på Myrland i Hol, og aktiv i Myrland hytteforeining. Ifølgje dei som nominerte han, både starta og gjennomførte han Turstiprosjektet i Sudndalen/Stier i Sudndalen. Dette stinettet inkluderer både austsida og vestsida av dalføret. Det blir sagt at Bjerknes har ei stor arbeidsglede, og han klarer å motivere andre til å stille til dugnad. Han får med seg hjelp av både folk og maskinar til å rydde sti, bygge klopper og bruer. Ikkje berre gjennomfører han arbeidet, han følgjer opp og sørger for vedlikehaldet også. Dei som står bak nominasjonen seier det er ein fryd å ta eit tak i naturen med Torgeir på laget.

Henrik Nesmark.

Henrik Nesmark (69), Oslo.

Nesmark har blitt nominert for å vere ei sosial kraft i Bulidalen i Hemsedal, der han har hytte. Han arrangerer både påskeskirenn og St. Hans feiring, og dei som nominerer han nemner også «afterski, aftertrug, afterskeet og afterhunt» som andre tiltak. Nesmark skal til og med ha kalla annekset sitt for «aftern», blir me fortalt. Han blir beskriven som gjestfri, med ei open dør både sommar og vinter.

Osmund Ueland.

Osmund Ueland (75), Oslo.

Ueland har gjort seg kjent kanskje særleg gjennom Hallingspranget i Nesbyen, ein sykkelsti som koplar Nesfjellet tettare saman med Nesbyen sentrum. Dei som har nominert han kallar innsatsen til hyttenesningen Ueland for enorm og utrøytteleg. Han har lagt med mykje frivillig innsats undervegs i prosjektet, og sommaren 2022 opna stien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Christine Neumann.

Christine Neumann (65), Bergen.

Neumann har hytte på Geilo, og er nominert for sitt engasjement for stiar og løyper i kommunen. Ho er ifølgje dei som har sendt inn forslaget, også flink til å samle hyttefolket på Geilo, og gjer ein innsats for å inkludere alle. Ho er også leiar i Geilo Velforbund, ein fellesorganisasjon for kring 20 velforeiningar og sameige på Geilo.

Kristin Devor.

Kristin Devor (60), Isfjorden.

Bur på hytta i Hemsedal og er ein svært ivrig fotograf. I nominasjonen heiter det at ho gler svært mange med sine bilete frå Hallingdal og Hemsedal spesielt. Ho har eit særleg fokus på natur og dyreliv i nærområdet.

Ellen og Lars Olav Kronstad.

Ellen (57) og Lars Olav Kronstad (58), Sandvika.

Ifølgje nominasjonen heldt familien til på Dr. Holms i alle år frå 1998 til 2006. Etter dette fekk dei sitt eige på Kikut. Dei får æra for å ha rekruttert mykje hyttefolk til Geilo. Dei har i mange år levert ski og klede til Geilo sport, og har også hatt skidemonstrasjonar i bakken. Dei blir beskrive som varme, ærlege og svært glad i å framsnakke Geilo.

Les også
Her er kandidatane til «Årets halling 2022» - no kan du stemme på din favoritt!
Les også
Blir lettare å få bu på hytta: – Kommunane kjenner sitt lokalmiljø best, og eg stolar på at dei gjer grundige vurderingar
Les også
Mange hytteeigarar fortvila - gjer det dei kan for å leige ut hytta
Les også
For lang veg til butikken og ingen buss - vil nekte han å bu på hytta
Les også
Pakkar saman og stenger hytta: – Eg fryktar at straumprisen kjem til å endre folk sine hyttevanar