Martin Vinje gløymde å skru ned termostatane etter at gjester hadde lånt hytta til ein helgetur. Han fekk straumsjokket rett i fleisen. No gjer han hytta klar for nedfrysing. –Mentalt må eg innstille meg på at eg ikkje får brukt hytta i vinter, seier han.

Pakkar saman og stenger hytta: – Eg fryktar at straumprisen kjem til å endre folk sine hyttevanar

– Kosen har blitt borte. Eg fryktar at straumprisen kjem til å endre folk sine hyttevanar. Når det blir ein terskel å reise på hytta, reiser folk heller til Las Palmas.

Det seier Martin Vinje frå Hurum. For nokre veker sidan fekk han straumsjokket rett i fleisen.

Sølte raudvin på duken

Vinje hadde lånt bort hytta mens han sjølv var på reise til Hongkong. Mens han var innlosjert på eit karantenehotell, kom han brått på at han hadde gløymd å skru ned varmen etter at gjestene hadde reist.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg gjekk inn i appen og såg at termostaten hadde stått på 22 grader i vel ei veke. Eg var døgnvill og fekk panikkangst. Eg sølte raudvin både på duken og skjorta, fortel han.

Les også
Bekymra før vinteren: Om straumprisane går løpsk, blir det krise for alle med utleigeplikt
Les også
Her er landets nest dyraste hytte: – God interesse i ein rufsete marknad

Vinje rekna raskt ut at med ein straumpris på nærare fem kroner, kom ei veke med god innetemperatur på hytta til å koste 6000-7000 kroner. Der og då bestemt han seg for å stenge heile driten og la hytta fryse ned.

– Det kostar meir enn det smakar. Konsekvensen er at eg mentalt må innstille meg på at eg ikkje får brukt hytta i vinter, seier Vinje.

Treng ikkje ut i kulda

Han har vore hytteeigar i Ål sidan 2000. Då sette han opp ei romsleg laftehytte på 130 kvadratmeter på Votndalsåsen. Frå plattingen utanfor utedassen har han panoramautsikt mot Hallingskarvet, Reineskarvet og resten av gullrekkja i Ål.

I vel 20 år har Martin Vinje hatt ei romsleg laftehytte på Votndalsåsen. I vintersesongen brukar han hytta nesten kvar einaste helg. Slik blir det ikkje i år.

– Eg reiser opp hit stort sett kvar einaste helg, særleg i vintersesongen, seier han.

Utedassen er mest til pynt. For Vinje treng ikkje ut i kulda når han skal slå lens om natta. Han har bygd seg ei moderne hytte med vatn, straum og internett. I hytta er det installert eit system som gjer at han frå mobilen kan styre temperaturen i alle rom. Når hytta ikkje er i bruk, står det berre på nok varme til å halde det frostfritt.

– Og så boostar eg temperaturen rett før eg reiser heimanfrå. Då er det godt og varmt innan eg kjem fram, seier han.

Innandørs i Wenaas-dress

Men denne helga går han med Wenaas-dressen innandørs når lokalavisa er på besøk for å vere med å stenge hytta for vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det einaste rommet eg har varma opp denne helga, er soverommet. Det er ikkje akkurat nokon kos, seier han.

Martin Vinje er glad i hytta, men med dagens straumprisar kostar det meir enn det smakar. Planen i vinter er å la hytta fryse ned. Ved kjøkenbordet er det alt så kjølig at han må drikke kaffi kledd i Wenaas-dress. – Ikkje akkurat nokon kos, seier han.

Han serverer Hallingdølen ein kopp med kaffi før han pakkar vekk heile kaffimaskinen. Kaffimaskinen og alle andre apparat som kan ta skade av frost, flyttar han inn på toalettet og vaskerommet. Dette er dei to einaste romma der det skal vere frostfritt.

– Blir det kaldt nok, kjem resten av hytta til å fryse ned til 20 kuldegrader. Og når det blir så kaldt, tek det lang tid å tine hytta opp att. Det seier seg sjølv at då blir det lite aktuelt å reise på helgetur. Eg rekk ikkje å få hytta varm før eg må heim att, seier han.

Ein liten lunk rundt vasken

Det opne kjøkenet er det svake punktet i planen. Men ved hjelp av isoporplater og madrassar, meiner Vinje at han skal klare å isolere eit lite rom rundt vasken og oppvaskmaskinen. Der har han plassert ein liten omn.

– Blir ikkje dette ei brannfelle?

– Nei, dette er ein keramisk og brannsikker omn som berre vil gje ein liten lunk. Termostaten er sett på fem grader, seier han.

Isoporplater i bilen

Sjølv reknar han seg som hallingpatriot som bevisst prioriterer å leggje att pengar i lokale butikkar kvar gong han er her. Men Vinje trur ikkje han er den einaste som vurderer å droppe turane til hytta denne vinteren.

Martin Vinje stenger hytta og sender hytta i fryseboksen denne vinteren. Denne helga var det berre eitt rom i den romslege hytta der det var varmt nok til å gå i T-skjorte, soverommet.

– Straumrekninga kjem til å gje folk ei ubehageleg a-ha-oppleving. Då er eg sikker på at det kjem fleire hyttefolk opp Rv7 som har fylt bilen med isoporplater og isolasjonsmatter. Det er ikkje ein gong sikkert at dei har handla isoporen hjå dei lokale byggevarebutikkane, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er det vilje, er det kraft?

Han trur lokalt næringsliv kjem til å merke det på omsetningstala dersom hyttefolket held seg heime i vinter. Også kommuneøkonomien vil bli påverka av at skatteinntektene går ned.

– Rikspolitikarane har eg mista trua på, men eg håpar lokalpolitikarane kan kome opp med noko som monnar, seier Martin Vinje.

– Eg trur dette får langsiktige konsekvensar. Når ei helg på hytta blir dyrare enn ei veke i Syden, gjer det noko med vanane til folk. Rikspolitikarane har eg mista trua på, men eg håpar lokalpolitikarane kan kome opp med noko som monnar. Me veit at lokalpolitikarane i Hallingdal rår over inntekter frå elektrisk kraft. Har dei også kraft, gjennomføringsevne og vilje til å gjere noko med straumprisane?, spør Vinje.

Les også
Her finst det langt over 100 regulerte bustadtomter - slik er dei fordelt
Les også
Historias første regnbogemesse: – Endeleg viser kyrkja seg som inkluderande utan atterhald
Les også
«Ein blir ikkje lykkelegare av ny bil og stort hus. Ein blir lykkeleg av å jobbe med noko ein diggar»