Kandidatane til Årets halling.

Siste innspurt: Her er kandidatane til «Årets halling 2022»

Kven fortener tittelen Årets halling? Det kan du vere med å avgjere.

Hallingdølen har plukka ut 20 kandidatar som me meiner har utmerkt seg på eit eller anna vis i løpet av året.

Det er tredje året på rad me kårar Årets halling. I 2020 vann dåverande kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen. I fjor var det Halvor Einar Merødningen som vann, etter at han berga sauene frå ein fjøsbrann heime på garden.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år kan du også nominere kven du meiner fortener prisen «Årets hyttehalling». Trykk på lenka under!

Les også
Kven fortener tittelen «Årets hyttehalling»?

No har eit nytt år snart passert, og det er på tide å kåre ein ny vinnar. Men då treng me di hjelp!

På Hallingdølens nettside kan du gi di stemme. Det er lov å stemme éin gong per dag, og fristen går ut ved midnatt 21. desember.

Vinnaren blir gjort kjent ved nyttår.

Her er stemmeskjema. Presentasjon av kandidatane følgjer under!

Torleif Kinneberg.

Torleif Kinneberg

Kinneberg er ein driftig kar, med stadig nye prosjekt og satsingar. I løpet av det siste året har han mellom anna kjøpt og pussa opp Torpo Gjestegård, som har fått ein ny utsjånad. Han har lagt fram planar for 80-100 leilegheiter ved Tisleifjorden på Golsfjellet, eit område han har satsa på ved mellom anna kjøp av Solseter, Hallingen Høyfjellshotell, Stølsdokken fjellhotell, Hovda fjellhotell og eit større areal ved Ørterstølen. Sist ut er planane hans om eit leilegheitsbygg midt i Gol sentrum.

Kine Pedersen Aamodt.

Kine Pedersen Aamodt

Artikkelen held fram under annonsen.

Aamodt har lenge kjempa ein kamp for rettane til dei som overlever vald og overgrep i nære relasjonar. Ho har blant anna vore ei tydeleg stemme i debatten om omvendt valdsalarm. I 2022 vart eit lovforslag om bruken av denne samrøystes vedteke på Stortinget. I haust vart ho kjent for det norske folk som ein av hovudpersonane i Petter Nyqvist sin dokumentarserie «Petter og overleverne» på TV 2.

Vetle Sjåstad Christiansen.

Vetle Sjåstad Christiansen

Vinter-OL i Beijing vart ein fest for dei norske utøvarane. Også for Christiansen. 15. februar gjekk skiskyttarane OL-stafett. Ankermannen var frå Geilo. Norge fekk ein marerittstart, men ein kanonavslutning av Christiansen sikra gullet. Kommentatorane på TV kalla han «ein evig helt» etter prestasjonen. Nokre dagar seinare klinka Christiansen til med bronse på fellesstarten, og kunne reise heim med to OL-medaljar.

Knut Bry.

Knut Bry

Bry har i ei årrekke kjempa for flyktningar sin situasjon i Europa. I mars fekk han nasjonal merksemd etter å ha blitt arrestert og fengsla på den greske øya Lesvos, sikta for spionasje. Årsaka var at han hadde fotografert militært fartøy i ein hamneby. Den store merksemda nytta han til å fokusere på det han meiner er uverdige forhold for flyktningar og hjelpearbeidarar på Lesvos.

Margit Teigen.

Margit Teigen

Teigen er råka av hudsjukdomen alopecia, som gjer at alt håret forsvinn. Då ho oppdaga det fekk ho seg parykk, men til slutt bestemte ho seg: Ho ville ikkje gå med parykk lenger, og reiste på skulen utan. Etterpå skreiv ho eit openhjartig innlegg på Facebook om sjukdommen og kvifor ho valde å stå fram med den. Reaksjonane ho møtte var berre positive. Seinare stilte både ho og pappa Knut Ole opp i Hallingdølen og fortalde si historie.

Martin Lindal.

Martin Lindal

Artikkelen held fram under annonsen.

Lindal er urokråka som tek kampen for naturen. Meiningane hans er ikkje alltid populære, men han tør å vere motstraums og går ikkje stille i dørene. Han seier sjølv at han er både sta og stri, og at det er årsaka til at han orkar å drive med naturvernarbeid. Han er ofte ei motstemme mot massiv hytteutbygging, og tennar til når tema flatehogst blir brakt på banen.

Cahtrine Østdahl.

Cathrine Østdahl

Østdahl har sidan 2019 hatt rolla som hotellsjef ved Thon Hotell Bjørneparken og utfordringane har mildt sagt stått i kø for 30-åringen. Etter å ha lagt dei verste covid-restriksjonane og alt det inneber bak seg, fekk ho saman med Flå kommune ei knapp veke på å forebu seg på å ta i mot 200 ukrainske flyktningar. Resten er historie, og Flå kommune med hotellet i spissen løyste krisa på ein måte som er brukt til eksempel fleire stader i landet.

Skeive søsken: Storesøster Therese Riiber Bekkevold og veslebror Nico Bekkevold Saue står side ved side i kampen for skeive rettar. Ho som lesbisk og han som trans - Det er historia til Nico som er bakgrunnen for at eg har meldt meg inn i Skeiv Ungdom og engasjert meg som aktivist, seier Therese.

Therese Riiber Bekkevold

I 2021 arrangerte Bekkevold Pride i Hallingdal. I feriemagasinet til Hallingdølen i vår fortalde ho og veslebror Nico Bekkevold Saue begge om si historie som skeive sysken. I juni vart det opna eld mot utestadene London og Per på hjørnet i Oslo sentrum, der to vart drepne og 21 skadd. Bekkevold valde å møte terror med kjærleik, og fridde til kjærasten rett etterpå. Ho fekk ja, og ring på fingeren.

Eilif Gundersen.

Eilif Gundersen

Gundersen er folkemusikaren som vart musikkstjerne og fekk reise verda rundt. Eventyret med Wardruna er kjent. Då Vikings-serien valde Wardruna til å fylle lydbiletet, tok det heilt av. I haust fekk Gundersen og resten av bandet reise på ein månads Amerika-turné, der dei møtte utselde hus på 21 konsertar i 20 ulike byar. No er også Gundersen lydleverandør til spelserien God of War.

Kjersti Anderdal Bakken.

Kjersti Anderdal Bakken

Artikkelen held fram under annonsen.

I januar sette Hallingdølen fokus på hallingdialekten, som er i ferd med å dø. Journalist Bakken i NRK P2 er engasjert brukar av hallingdialekten i rikskanalen. Som programleiar i «Etikketaten» brukar ho konsekvent halling, til og med når ho siterer innsende brev og spørsmål frå lyttarane. Ho har tatt bruken av halling eit steg vidare, ved å vere heilt konsekvent.

Espen Garnås.

Espen Garnås

Garnås er ferdig med årets sesong, men kan sjå tilbake på eit år med medaljekamp i Eliteserien og ikkje minst spel ute i Europa. I Lillestrøm har han med sine prestasjonar blitt ein heilt sentral spelar i midtforsvaret, som gjer seg meir og meir bemerka i norsk toppfotball.

Tore Bøygard.

Tore Bøygard

Lokalpolitikaren og den tidlegare skiskyttarpresidenten inviterte til ein open samtale om eige liv på Kafé Tid. Her fortalde han om ein tøff oppvekst, prega av vald og alkohol. Han seier sjølv at han kom skeivt ut frå hoppkanten - men landa med stil. Reisa til Bøygard frå dei tøffe barndomsåra og til eit liv i toppen av norsk idrett er både imponerande og inspirerande.

Jan-Eirik "Jansen" Thorberg.

Jan-Eirik «Jansen» Thorberg

Trenarprofilen og «Mr. Fotball» i Hallingdal skulle normalt sett sete klistra til skjermen under fotball-VM. Men nokre dagar før første spark på ballen i Qatar tok han til orde for å boikotte heile meisterskapen. Årsaka er at han meiner VM er «bygd på blod og tårar», og peikar på brot på menneskerettar, ingen pressefridom og migrantarbeidarane sine arbeidsforhold. Slik står han opp mot det som blir kalla sportsvasking.

Magne og Ola Akervold.

Ola og Magne Akervold

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to brørne i Flå har i år gitt ut si fjerde bok. Det heile starta med ei bok om Vassfaret, før dei vende blikket mot bygda si lokalhistorie. I 2022 kom boka «Setrene i Flå», som også inneheld skildringar av historia og samfunnet i bygda. Slik har dei berga delar av Flå-historia som var i ferd med å gå i gløymeboka. Heile jobben har dei gjort på dugnad, og inntektene frå boksalet går til kommunen.

Tore Haraldset.

Tore Haraldset

I sitt sjuande år som ordførar fann Haraldset ut at han trengde eit avbrekk for å gå laus på oppløpssida mot neste års lokalval. Han søkte seg til TV2-satsinga Farmen, og i haust kom han på TV-skjermen. I fleire veker fekk TV-sjåarane møte ordføraren, som prata på klingande halling og gjorde ein god figur. Både før og etter TV-tida har han prata om netthets, og bedt folk tenke seg om før dei slenger ut ting på Facebook.

Knut Arne Gurigard.

Knut Arne Gurigard

Denne hausten har Ringeriksbanen nok ein gong prega det lokale nyheitsbiletet. Knapt nokon kjenner saka betre enn Gurigard. Han har kjempa for prosjektet i ei årrekke, så også i denne omgangen. Det vart kraftig mobilisert då banen ikkje var inne på statsbudsjettet, og etter forhandlingane med SV er prosjektet nok ein gong tilbake på skinner.

Pål Gunnar Mikkelsplass.

Pål Gunnar Mikkelsplass

Mikkelsplass har hatt ei nøkkelrolle i comebacket til to av våre største skistjerner dei seinare åra; Therese Johaug og Ingvild Flugstad Østberg. Først trente han Johaug tilbake til sporet etter at ho vart utestengt, noko som enda med ei rekke av både VM- og OL-gull. I vår vart det kjent at han vart ny trenar for Østberg då ho ikkje fekk landslagsplass. Med Mikkelsplass som støttespelar og hjelpar er ho no tilbake i verdscupen.

Evy Kristiansen.

Evy Kristiansen

Artikkelen held fram under annonsen.

Primus motor for Frelsesarmeens tilbod Matsentralen, som deler ut gratis mat kvar 14. dag til dei som slit mest i Hallingdal. Gjennom hausten og fram mot jul jobbar ho for å skaffe mat og presangar som Frelsesarmeen kan dele ut til jul. I år er behovet større enn nokon gong, og saman med mamma Mette Hoftun har Kristiansen hatt ein ekstra krevjande jobb med å få tak i nok varer.

Jette Ellseth.

Jette Ellseth

Ellseth er dagleg leiar i Hemsedal frivilligsentral, og er eit oppkome av idear og engasjement. Det er stadig høg aktivitet på frivilligsentralen i bygda, som turgrupper, småjobbsentral, skravletreff, kurs, datakafé, handlekorg på Bygdaheimen, maturkøyring, språkkafé og trening. No i haust opna Bua i Hemsedal, der frivilligsentralen er med på å sørge for at folk kan låne seg utstyr til alle slags aktivitetar.

Bjørn Henrik Stavdal Johansen.

Bjørn Henrik Stavdal Johansen

Det treng ikkje alltid vere så lett å kome til ein ny plass, og i haust sette Johansen ord på dette då han fortalde om si oppleving med å vere fersk innflyttar i Flå. Han er ikkje redd for å si meininga si, heller ikkje om den heite poteten hyttebygging. For dette har han måtte tole hets og stygge kommentarar. Likevel har han valt å vere ei stemme for natur og dyreliv.