Kven fortener tittelen «Årets hyttehalling»? Me vil gjerne få nominasjonar frå deg.

Kven fortener tittelen «Årets hyttehalling»?

I tillegg til å kåre «Årets halling» ønsker me også å kåre «Årets hyttehalling» for 2022. Men då treng me innspel frå deg.

Kjenner du ein såkalla «hyttehalling» som har utmerkt seg på noko vis? Som har gjort noko bra det siste året for lokalsamfunnet, for velforeininga, for hytteområdet sitt?

Eller som kanskje berre er ein primus motor for sosialt samvær, påskeskirennet eller bålfesten til St.Hans? Me veit det finst mykje flinke og driftige folk til fjells, og dei ønsker me å løfte fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om du kjenner ein hyttehalling som fortener ein nominasjon, send ein epost til redaksjonen@hallingdolen.no innan sundag 11. desember.

Me kjem deretter til å ha ei avstemming på nettsidene våre fram mot jul, der du får høve til å stemme fram din favoritt.

I tillegg til namnet på den du nominerer treng me ei kort grunngjeving for kvifor nettopp denne hyttehallingen fortener tittelen.

Vinnaren vil bli kåra i romjula.

Les også
Brukte berre lokale handverkarar: – Eg ser ikkje bort ifrå at det blir ein skikkeleg fest når hytta er ferdig
Les også
Vurderer å bli fastbuande på hytta: – Det har absolutt med straumprisane å gjere
Les også
Hytteeigarane valde lokale snekkarar: – Me er mektig imponert
Les også
Blir lettare å få bu på hytta: – Kommunane kjenner sitt lokalmiljø best, og eg stolar på at dei gjer grundige vurderingar
Les også
Mange hytteeigarar fortvila - gjer det dei kan for å leige ut hytta