Flå fekk det svaret dei hadde håpa på. Illustrasjonsbilete.

No er alle dei 49 prøvesvara i Flå klare

I dag kom beskjeden heile Flå hadde håpa på: 48 av 49 prøvesvar viste seg negative. Men enno er det litt for tidleg å sleppe jubelen laus.

Hallingdølen var onsdag morgon i kontakt med ein letta ordførar Merete Gandrud. Tidleg på morgonen kunne ho endeleg puste letta ut: Koronatestane viste seg å vere negative, alle bortsett frå éin.

Les også
Dei første prøvesvara i Flå har kome: Nytt smittetilfelle bekrefta

Det gjer at heile bygda kan sleppe skuldrene ned nokre hakk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var veldig snare med å stenge ned ein del tilbod som me veit samlar folk. Nokon har reagert på at me har vore strenge, men strenge tiltak er heile hensikten om ein skal få raskt oversikt og kontroll. Og det har me gode moglegheiter til, i eit så lite miljø som vårt, seier ordførar Gandrud.

Faren er ikkje over

Etter at to flåværingar fekk påvist koronasmitte laurdag, vart 49 personar sett i karantene. Alle vart testa måndag, og det har vore lange timar i påvente av svar. Tysdag kveld kom dei to første. Ein var negativ, mens ein var positiv. Det gjorde at spenninga vart endå større før det store talet av prøvesvar kom onsdag.

Det gjekk bra. Men likevel: Faren er ikkje over. Alle som sit i karantene må fortsette å halde seg i ro, for framleis kan det oppstå symptom.

– Når det gjeld det siste smittetilfellet så har vedkommande vore testa også tidlegare. Då var testen negativ. Men så kom symptoma, og dermed også ein positiv test. Dette må ein ha i mente, seier Gandrud.

Fleire nyheiter om korona? Sjekk vår samleside

Det betyr at kommunen må vere på tå hev heilt til karanteneperioden til dei 49 er over. Den varer i ti dagar.

– Folk må ikkje gløyme denne karantenetida si, men ha respekt for reglane, seier ordføraren.

Når ein sit i karantene, skal ein halde seg i ro. Men om ein ikkje har symptom, kan ein gjere små ærend. Det er lov å reise i butikken og handle, men ein må raskt inn og raskt ut att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Glad for tiltak

Gandrud er glad for at kommunen no slepp å trykke på den store alarmknappen. Dei generelle tiltaka som me har levd med sidan tidleg i vår, ser ut til å fungere.

– Eg hadde vondt av Hol sin situasjon i mars, då dei fekk det store utbrotet utan at me hadde tiltak inne. Me ser at dei tiltaka me har no, med handvask, skjermar framfor dei tilsette i butikken, mykje vasking, alt har ein hensikt og det fungerer. Dette kunne blitt eit skikkeleg kaos, men me tek forholdsreglar. Då kan me bremse eit utbrot langt raskare, seier ho.

Les også
Deler av Flå stenger ned: - Me må slå hardt ned no

Det er mange funksjonar som no er stengt ned i Flå. Kriseleiinga var raske med å gjere dette då det vart klart at mange flåværingar måtte i karantene og bli testa. Det er blant anna innført besøksforbod ved sjukeheimen. Biblioteket og treningssenteret er stengt. Det same gjeld Utstyrskroken og kommunen sitt dagsentertilbod.

– Men desse får alternative tilbod. Dei blir ikkje ståande utan, understreker Gandrud.

Mange råka

Ho er stolt over dei tilsette innan helse, som først gjennomførte testing av fem prosent av kommunen si befolkning. Deretter har dei omstilt seg raskt.

– Smitteverngruppa har stått på, og omorganisert arbeidet sitt. Dei har hatt lange dagar. Det gjeld også på sjukeheimen og i heimetenesta. Dei har blant anna brukt ekstra smittevernutstyr, og innført nye rutinar.

I Flå kommune er det skulen som no er hardast råka av karantenen. 5., 6. og 7. trinn får heimeundervisning ut veka, og fleire lærarar er også heime. No kryssar ordføraren fingrane for at Flå-samfunnet kan gå tilbake til normalen i neste veke.

– Me håpar at ikkje fleire blir sjuke no undervegs i karantenen, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Få elevar brukar munnbind på bussen
Les også
Sju dagar som endra Norge