Etter to nye smittetilfelle i Flå, vil fleire bli kalla inn til testing både i Flå og på Geilo over helga. Biletet viser lege Jørn Ingve Tømmerstrand ved Ål legevakt i mars. (Arkivfoto)

48 flåværingar er kalla inn til testing

35 skuleelevar og 13 vaksne er sett i karantene i Flå. Måndag skal alle testast for koronasmitte.

Laurdag vart det kjent at eitt barn og éin vaksen hadde testa positivt på covid-19 i Flå.

– Me har kontroll på situasjonen. Me har identifisert alle nærkontaktar, og nærkontaktane er sett i karantene, opplyste vikarierande kommuneoverlege i Flå, Roger Hyldmo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle nærkontaktar i karantene

I alt er det 35 elevar på Flå skule som er sett i karantene. Dette er elevar på femte-, sjette- og sjuande-trinn. I tillegg er 13 vaksne sett i karantene. Dette omfattar både lærarar på skulen og nærkontaktar frå ein arbeidsplass i Flå.

– I dag, måndag, blir det massetesting av alle som sit i karantene, seier Hyldmo.

Ventar avklaring tysdag

Inntil testsvara er klare, må dei halde seg i karantene for å unngå vidare smittespreiing.

– Kor lang tid tek det?

– Det varierer kor lang tid det tek å få svar, men me håpar at alle har fått svar i løpet av dagen eller kvelden tysdag, seier Hyldmo.

Smittekjelde i Fredrikstad

Smittekjelda stammar truleg frå ei reise til ein del av landet der det har vore auke i smittetal den siste tida.

– Me reknar det som sannsynleg at smittekjelda er i Fredrikstad, seier Hyldmo.

Ti fotballspelarar i karantene

Det er også innført karantene for eit fotballag i Geilo IL. Barnet som har testa positivt i Flå deltok onsdag i ein fotballkamp mot G11-laget til Geilo IL. Også desse blir omfatta av karantenetiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vurderer smitterisikoen som beskjeden. Dette handlar om å vere føre var, men alle som var på fotballbanen under denne kampen, skal i karantene. Slik må det bli, sa Geir Strømmen til Hallingdølen laurdag. Strømmen er kommuneoverlege i Hol og Ål.

– Blir heile fotballaget testa?

– Ikkje med mindre dei får symptom på luftvegsinfeksjon. Dei har fått beskjed om å ta kontakt med legetenesta dersom dei kjenner symptom, og så langt har me ikkje fått melding om at nokon har hatt det, seier Strømmen i ei oppdatering måndag.

Han opplyser at det er ti barn på Geilo som er sett i karantene fram til laurdag.

Les også
Byggjer infrastruktur til hyttefolket
Les også
Nytt og spennande tilbod