Dei fleste prøvesvara i Flå er venta å kome onsdag.

Dei første prøvesvara i Flå har kome: Nytt smittetilfelle bekrefta

49 personar vart måndag testa for koronaviruset. Tysdag kveld kom dei to første prøvesvara.

Eitt var negativt, mens det andre viste seg positivt. Det betyr at Flå har fått eitt nytt tilfelle av koronasmitte, og er no oppe i totalt tre. Det får Hallingdølen bekrefta tysdag kveld.

Resten av prøvesvara er venta å kome i løpet av morgondagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Testinga av dei 49 flåværingane måndag var eit resultat av at to positive tilfelle vart oppdaga laurdag. Ein vaksen og eitt barn fekk påvist koronasmitte. Alle såkalla nærkontaktar til desse vart sett i karantene, i alt 49 personar. Av desse er 36 barn, 14 er vaksne.

Les også
Deler av Flå stenger ned: - Me må slå hardt ned no

Flå kommune har alt verksett tiltak. Kriseleiinga bestemte måndag å stenge ned enkelte funksjonar i kommunen. Både biblioteket og treningssenteret Ursus er stengt. Det same gjeld Utstyrskroken og kommunen sitt dagsentertilbod, både ved dement og psykisk helse. Det er også innført fullt besøksforbod ved Flåheimen sykehjem.

Fleire nyheiter om korona? Sjekk vår samleside

5., 6. og 7. trinn ved skulen i Flå har fått beskjed om heimeundervisning resten av veka.

– Det er skulen som har fått den største belastninga no. Lærarane har sett i gang att med heimeundervisning. Men me lever i ein pandemi, og me veit at ting endrar seg fort, sa ordførar Merete Gandrud då Hallingdølen var i kontakt med henne tidlegare tysdag.

Dagens positive tilfelle er det sjette i Hallingdal etter sommaren. I tillegg til dei tre i Flå har både Hol, Ål og Gol registrert eitt positivt tilfelle kvar i løpet av dei siste vekene.

Les også
48 flåværingar er kalla inn til testing