Kommuneoverlege i Gol kommune, Jagannivasan Thurainayagam.

Legen etter ny smitte i Gol: — Me må ikkje sleppe opp

Gol fekk laurdag eit nytt smittetilfelle. 12 personar er sett i karantene. No ber kommuneoverlegen alle om å teste seg sjølv ved små og milde symptom.

Gol har hatt fleire tilfelle av koronasmitte etter jul. Personen som laurdag fekk påvist viruset vart testa fredag.

– Smittekjelda er førebels ikkje kjent. Vedkommande er sett i heimeisolasjon, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Førebels ingen nye tiltak i Hallingdal - ber hyttefolk halde seg i ro

Smittesporarane har kome fram til i alt 12 nærkontaktar. Desse er sett i karantene. I løpet av dagen har det blitt tatt hurtigtest av enkelte av dei, desse kom att negative.

– Det er eit godt teikn, men me ventar på endeleg svar. Dei andre testane blir gjennomført etter helga. Me meiner me har fått avgrensa dette, og har god oversikt, seier Thurainayagam.

Tenk covid-19 om du blir sjuk

Laurdag har vore ein dag med stadig nye meldingar i nyheitene knytt opp mot utbrotet av det muterte viruset i Nordre Follo. Svært sterke tiltak er sett i verk i Oslo-området, og myndigheitene veit enno ikkje omfanget av mutanten.

I Hallingdal er det ikkje kome nye tiltak som følgje av det muterte viruset. Kommunane gjekk laurdag ut og bad folk følgje dei nasjonale retningslinene, og at hyttefolket bør halde seg mest mogleg i ro.

Les også
Ein smitta i Hemsedal - over 40 i karantene

Thurainayagam har ei klar oppmoding til folk.

– Me er i ein viruspandemi som har strekt seg over lang tid. Det er eit kjent fenomen at eigenskapane til viruset kan endre seg over tid. Ved utbrotet me hadde i haust såg me fleire tilfelle med lite eller milde symptom, men det smitta like lett, seier han.

– I ein pandemi er det vanskeleg å sjå på symptom og skilje mellom dei ulike luftvegsvirusa og — bakteriane, Det er derfor viktig at ein tenker covid-19 sjølv ved milde symptom.

Må ikkje sleppe opp

Kommuneoverlegen meiner du bør teste deg sjølv ved det minste symptom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Isolasjon, testing og avklaring er nøkkelen. Då får me hindra større spreiing, seier han.

Les også
Nytt tilfelle av innreisesmitte i Hol

Thurainayagam meiner folk generelt har vore flinke til å følgje opp dette, og det ber han alle halde fram med.

– Me må ikkje sleppe opp. Når det strekker seg over lang tid er det sjølvsagt tøft for alle, men for å kjempe ned ein pandemi må me alle handle likt.