Illustrasjonsbilete frå koronatest.

Ein smitta i Hemsedal - over 40 i karantene

Det nye smittetilfellet har fått store ringverknader, men kommunen trur dei har ramma det godt inn.

– Personen vart først testa med hurtigtest, denne var negativ. Men den ordinære prøva viste seg å vere positiv. Me trur derfor vedkommande har vore lite smitteførande, og at det er liten fare for vidare spreiing, sa kommuneoverlege Camilla Underland til Hallingdølen fredag kveld.

Det dreier seg om såkalla importsmitte, altså smitte som kjem frå utlandet. Smittesporarane i Hemsedal fekk ein større jobb då den positive prøva kom, og no er over 40 personar sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det dreier seg mellom anna om fleire ulike arbeidsplassar. Me har ramma dette stort inn, og trur det blir ein kortvarig affære. Moglegheita for vidare smitte meiner me er liten, seier Underland.

Nokre få vil bli testa i løpet av laurdag, andre over helga. Om nokon skulle vise seg å utvikle symptom, blir dei testa med ein gong.

– Alle som trong å bli kontakta, er no kontakta, seier kommuneoverlegen.

Tilfellet er det tredje i Hemsedal etter nyttår.

Les også
Ny smitta i Hemsedal - ber folk hugse faren for «skjult smitte»