Det er varsla at det vil kome meir informasjon til dei som alt har reist til fjells i helga. (Illustrasjonsbilete).

Førebels ingen nye tiltak i Hallingdal - ber hyttefolk halde seg i ro

Den innstendige oppmodinga er tydeleg: Både lokalbefolkning, næring og hyttebuarar må vere ekstra forsiktig og nøye med smittevernet. Men det blir førebels ikkje innført nye lokale tiltak.

– Me følgjer dei nasjonale retningslinjene, men minner folk om at me framleis har påbod om munnbind i alle kommunar, seier regionrådsordførar Solveig Vestenfor.

Svært strenge tiltak

Det har mildt sagt gått slag i slag etter at det fredag vart kjent at Nordre Follo har fått eit utbrot av den britiske virusmutasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag kom det nye og svært strenge tiltak i Oslo-regionen som følgje av dette. Det handlar førebels om desse ti kommunane: Oslo, Enebakk, Ås, Vestby, Nesodden, Indre Østfold, Moss, Frogn og Våler, i tillegg til Nordre Follo.

Asker, Drammen, Lillestrøm og Lørenskog har bedt om at regjeringa skal innføre strenge tiltak også for dei, som nabokommunar til det hardast råka området.

Bør halde seg i ro

Kommunane i Hallingdal har fått kome med innspel til helsemyndigheitene laurdag. Vegen er kort inn til Oslo-området som no er råka, og mykje folk kom på hyttene sine alt torsdag og fredag.

Statsministeren bad laurdag folk i Oslo-regionen om å ikkje reise på hytta. Når det gjeld dei som har reist til fjells alt, har regjeringa varsla at dei vil kome med ny informasjon.

– Har dei reist, så har dei reist, sa statsministeren til VG laurdag.

I Hallingdal er dei samde med statsministeren - dei som ikkje alt har reist til dalen bør halde seg i ro.

– Me er glade for at folk bruker hyttene sine, men dei som ikkje alt er her bør halde seg heime denne helga, seier Vestenfor.

Enkelte av kommuneoverlegane har fått spørsmål frå hyttefolk som har reist frå det råka området og opp til Hallingdal i helga. Den nye situasjonen har tatt dei fleste på senga, og no lurer mange på korleis dei skal halde seg til dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig bra at dei har tatt kontakt, og dei får gode råd, seier Vestenfor.

Ber næringa passe på

Kommunane i Hallingdal var laurdag formiddag i eit møte med statsforvaltaren. Etterpå samla både ordførarar, kommunedirektørar og kommuneoverlegar frå alle kommunane seg til stormøte.

Her diskuterte dei korleis dei skal halde seg til situasjonen som har oppstått i med det muterte viruset og nedstenginga av Oslo-området. Dei ber folk om å vere ekstra forsiktig, og nøye med smittevernet.

– Dessutan kjem me med ei oppmoding til næringa om å vere ekstra påpasseleg, seier kommunedirektør i Gol, Hege Mørk. I det ligg å vere nøye på kor mange som er i lokalet, avstand, bruk av munnbind, registrering og reinhald.

Vestenfor og Mørk er glade for at Hallingdal som hytteregion har blitt høyrt i den prosessen som no går føre seg. Det er varsla nye møte laurdag ettermiddag.

– Helsemyndigheitene har sterk tru på at det går an å bremse dette, og då er det viktig at me er lojale. Kvar enkelt må kjenne si plikt, seier Vestenfor.

Ingen teikn på mutasjon

I Hallingdal er det ingen nye smitteutbrot, det har dei siste vekene berre dukka opp enkelttilfelle av smitte. Det er ingen indikasjonar på at det muterte viruset skal ha funne vegen til regionen.

– Det er viktig no at innbyggarane i Hallingdal ikkje er redde. Dette handlar om å prøve å forlenge smittespreiinga så mykje at flest mogleg blir vaksinert, seier Vestenfor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er godt å vite at det blir sett i verk så strenge tiltak som no i den regionen som er verst råka. Dei går hardt og raskt til verks for å hindre spreiing vidare utover, seier Mørk.

Ta omsyn

Inntil vidare er altså Hallingdal i same situasjon som før helga. Ingen nye tiltak, men beskjeden er klar: Ver ekstra nøye med smittevernet. Og følg med på nyheitene.

– Eg har full tillit til at dei nasjonale styresmaktene varetek også Hallingdal. Ta omsyn, og følg retningslinene, seier Mørk og Vestenfor.