Hallingdølen har no eit opplag på 10.733. Det er 517 over tidlegare rekord, og var god grunn til å feire tysdag morgon.

Kraftig vekst og ny rekord for Hallingdølen: – Me fekk heilt bakoversveis

Det var så vidt ho trudde på dei nye opplagstala. Hallingdøl-redaktør Lillian Holden jublar for rekordopplaget på 10.733.

Tysdag vart opplagstala til norske aviser publisert. Det er hyggelege tal for Hallingdølen. Avisa er av dei store lokalavisvinnarane, og betrar fjorårets all-time-high med ein vekst på over fem prosent.

– Det er heilt fantastisk! Me sette opplagsrekord sist gong, og målet var å halde oss på det nivået. Derfor fekk me heilt bakoversveis over dei nye tala, seier ansvarleg redaktør Lillian Holden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Knuser tidlegare rekord

For å illustrere suksessen vart staben fotografert utanfor avishuset på Sundre tysdag morgon. Det var Landslaget for lokalaviser (LLA) som bestilte «vinnarbiletet». Norske lokalaviser aukar totalopplaget med 2850, ein auke på 0,8 prosent. Blant dei over 100 LLA-avisene gjer Sandnesposten det aller sterkast og aukar med 835 abonnentar. Deretter følgjer Hallingdølen med ein vekst med 649.

Les også
Sterk digital vekst for Hallingdølen: – Dette er eit formidabelt byks

Det skjer nøyaktig eitt år etter at Hallingdølen passerte den magiske 10.000-grensa. Avisa hadde tidleg på 2000-talet opplag på over 10.000, men opplevde på linje med andre aviser ein tilbakegang fleire år. Opplaget var under 9000, før det i 2019 krabba oppover og for eit år sidan passerte 10.000-grensa att.

Det nye opplagstalet på 10.733 er 517 over tidlegare rekord.

Mange utanfor dalen

Lillian Holden har ingen annan god forklaring på veksten enn at det blir jobba kvar dag med å lage mest mogeleg relevant journalistikk. Ho framhevar at Hallingdølen lagar ei sterk og solid papiravis, samtidig som ein satsar sterkt digitalt. Ferske lesartal syner at den digitale veksten er sterk.

– Ein tredel av abonnentane våre bur utanfor Hallingdal. Eg trur me i større grad enn før lagar journalistikk som også treffer hyttefolk, seier Holden.

Andre aviser

Størst opplag i Norge har Aftenposten (257.497) framfor VG+ (253.092) og Dagens Næringsliv (101.425). Alle tre avisene har vekst.

Les også
William (36) vart abonnent nummer 10.216 - historisk rekord for Hallingdølen

I Buskerud er Drammens Tidende størst (28.261) framfor Ringerikes Blad (11.486) og Hallingdølen (10.733). Av desse tre er det berre Hallingdølen som har vekst.

Laagendalsposten har no eit opplag på 9309 og avisa Valdres 9468.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er opplagstala - samanlikna med året før

Buskerud:

Drammens Tidende 28.261 (- 521)

Ringerikes Blad 11.486 (- 136)

Hallingdølen 10.733 (+ 649)

Laagendalsposten 9309 (- 32)

Bygdeposten 6883 (+ 53)

Røyken og Hurums Avis 5889 (+ 77)

Naboaviser:

Valdres 9468 (+ 176)

Sogn Avis 9576 (+ 278)

Hordaland 8479 (+ 145)

Dei største avisene:

Aftenposten 257.497 (+ 1243)

VG+ 253.082 (+ 2107)

Dagens Næringsliv 101.425 (+ 5942)

Nokre andre:

Klassekampen 34.407 (+ 808)

Morgenbladet 32.623 (+ 2668)

Vårt Land 22.459 (- 546)

Dagsavisen 21.652 (- 2946)

Nationen 18.265 (+ 499)

Dag og Tid 13.602 (+ 247)

Spent på vinteren

Redaktør Lillian Holden er spent på den vidare utviklinga.

– Ingenting veks inn i himmelen. Dette er elleville tal, samtidig som me går ein tøffare haust og vinter i møte. Det blir spennande å sjå kva utteljing det vil gje for oss. Eg håpar folk framleis ser verdien av å halde på lokalavisa sjølv om det blir tøffare tider. Me går inn i vinteren i spenning og med ein god porsjon realisme, seier Lillian Holden.

Les også
No har han gjort det igjen - Google må betale 43 milliardar i bot etter EU-dom
Les også
Tok dristig straumgrep - no får ordføraren betalt for å bruke straum
Les også
Slik er utrekninga til dei som får pengar tilbake