William Økland sørgde for at Hallingdølen greidde å setje rekord i opplag, som abonnent nummer 10.216.

William (36) vart abonnent nummer 10.216 - historisk rekord for Hallingdølen

I 2007 hadde Hallingdølen 10.215 abonnentar. Det er ein rekord som har stått seg i 15 år. Men no er han slått - det nye talet er 10.216!

– Kjempeartig!

Det er kommentaren til ansvarleg redaktør Lillian Holden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då me passerte 10.000 i opplag sist haust sette me oss eit hårete mål om å slå rekorden på 10.215. Så gjer me det eit halvår seinare. Det er artig, seier ho.

William redningsmann

Hallingdølen har altså aldri hatt fleire abonnentar enn no. Ein meir enn rekorden frå 2007. Det kan avisa takke William Økland for. Han vart nemleg abonnenten som kan smykke seg med å ha løfta avisa til rekord då han teikna abonnementet rett før overgangen til 2022.

– Eg har klikka på mange saker i Hallingdølen som har vore pluss-saker. Då har eg ikkje fått lese dei, sjølv om det har vore interessante saker. Også denne gongen kom eg over ei nyheit som eg gjerne skulle lese. Så tenkte eg; nei, no kliner eg til og kjøper abonnement, seier Økland.

Les også
Jublar for opplagstal - Hallingdølen over 10.000

Sidan 2007 har Hallingdølen jakta på opplagsrekorden på 10.215, men i løpet av desse åra har talet på abonnentar variert. I mange år peikte pila nedover. På eit tidspunkt var talet nede i 8800 i opplag, men dei siste åra har trenden snudd.

Sist haust feira Hallingdølen at avisa passerte 10.000 abonnentar. No er også rekorden frå 2007 slått.

Hårete mål

På hausten i fjor nådde avisa den «magiske» grensa på 10.000 abonnentar. Då vart også det hårete målet om å slå den historiske rekorden sett.

Onsdag morgon kom dei ferske opplagstala for alle aviser i Norge. Det er Mediebedriftene som legg fram desse tala, to gonger i året. Den siste målinga syner opplaget etter andre halvår 2021.

Opplagsutvikling i Hallingdølen dei siste fem åra

2022: 10.216

2021: 9834

2020: 9204

2019: 9013

2018: 8686

For Hallingdølen vart det 10.216 og ny rekord. Men rekorden vart sett med minst mogleg margin. Hadde det vore éin abonnent mindre, hadde det berre blitt tangering av den gamle rekorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kjekt å kunne bidra. Dette må vel vere beviset på at éin person faktisk kan utgjere ein forskjell, ler abonnent nummer 10.216, William Økland.

Då Økland skulle teikne abonnement, valde han det heildigitale. Det betyr at han ikkje får avisa i postkassa, men i staden får tilgang til nettutgåva og e-avisa.

– Det hender eg får tak i ei avis, då blar eg gjerne gjennom den. Det var veldig artig med den avisa der alt stod på halling. Den var veldig fin, den skulle eg gjerne hatt på papir, seier Økland.

Mange digitale

Men mange gjer som Økland, og blir digitale abonnentar. Akkurat no er det kring ein tredel av abonnentane som les Hallingdølen berre på nett. Talet på dei som vel å berre lese papiravisa, går tilbake. Slik er trenden i heile avisbransjen.

Les også
Hallingdølen på veg mot 10.000 i opplag: - Ein eventyrleg vekst

Men Hallingdølen går mindre tilbake på papir enn mange andre, og svært mange nye abonnentar vel framleis å få avisa både på papir og digitalt.

Økland er godt nøgd med abonnementet han valde å teikne.

– Eg merka ganske raskt at det var veldig kjekt å ha. No får eg følgt med på ting som skjer i lokalsamfunnet. Hallingdølen er ei kjempebra avis, seier han.

Har levd med Hallingdølen

Økland bur i Ål, og har hatt eit forhold til avisa gjennom heile livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bestemor har hatt abonnement veldig lenge. Eg brukte ofte å reise dit då avisa kom ut, og las ho der. Det vart ein rutine. Familien har alltid hatt avisa. Eg hugsar tilbake til då ho var mykje større, og vanskelegare å lese, ler han.

Det skjedde tilbake i 1995. Då gjekk Hallingdølen over i det som kallast tabloidformat, som er den storleiken lesarane kjenner i dag.

Les også
God morgen Norge sende frå Hallingdølen: - Gratulerer som årets lokalavis
Les også
Hallingdølen kåra til årets lokalavis i Europa: - Dette er ordentleg stas

– Kva les du helst, då?

– Det er nyheitene. Ein del av dei plukkar eg opp via Facebook. Elles er eg innom saker om både bil, sport og anna. Det meste, seier Økland.

– Les du ofte?

– Det varierer. Eg går nyheitsrunden min, som er VG, Nettavisen og Hallingdølen. Blant anna no som prisane aukar på både straum og bensin, synest eg det er interessant å høyre kva andre synest, meiner og tenker.

Lillian Holden er ansvarleg redaktør i Hallingdølen.

Einaste med vekst i Buskerud

Dei ferske opplagstala syner at Hallingdølen gjer det godt, samanlikna med mange andre. Avisa er faktisk den einaste i Buskerud som har opplagsvekst. Slik ser utviklinga ut for dei fem største avisene i Buskerud:

Opplagsutvikling for aviser i Buskerud
AvisOpplag 1.1.2022Endring siste år
Drammens Tidende28.307 – 663
Ringerikes Blad 11.548– 180
Hallingdølen10.216+ 382
Laagendalsposten9292– 49
Bygdeposten6834– 67

– Opplagsveksten må bety at me gjer mykje rett, meiner Lillian Holden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Journalistane lagar betre og betre journalistikk. Elles trur eg me hentar mykje ved å vera «på» døgnet rundt. Når ting skjer i Hallingdal, kan ein lese det i Hallingdølen, seier ho.

Holden er også glad for at avisa har mange abonnentar blant hyttehallingar og folk som elles har tilknyting til dalen, sjølv om dei ikkje bur der fast.

– Og vegen vidare?

– Me må prøve å setje oss nye mål. No vart rekorden sett med knappast mogeleg margin. Det hadde vore artig å halde fram veksten, seier Lillian Holden.

Medlemmene av Landslaget for lokalvaiser (LLA) hadde siste året ein opplagsvekst på 1,1 prosent.

Opplagsutvikling for nokre utvalde aviser
AvisOpplag 1.1.2022Endring siste år
Valdres9396+ 278
Sogn Avis9487+ 355
Hordaland8527+ 368
VG+262.459+ 32.338
Aftenposten254.208– 3108
Les også
Mann og hund gjekk gjennom isen: Folk i nærleiken høyrde rop om hjelp
Les også
Ukrainske flyktningar: – Me må ha eit tal torsdag
Les også
Har fått ny jobb - kulturkommunen må på jakt etter kultursjef