Ansvarleg redaktør Lillian Holden gler seg over fin digital vekst og gode lesartal. Arkivfoto.

Sterk digital vekst for Hallingdølen: – Dette er eit formidabelt byks

Hallingdølen har like oppunder 10.000 digitale lesarar kvar dag, ein vekst på 28 prosent det siste året.

Mediebedriftene presenterte torsdag lesartala for norske mediebedrifter. Det store biletet er at nordmenn framleis er eit avislesande folk. 81 prosent les minst ei avis digitalt eller som papiravis kvar einaste dag.

Papiravisene går noko tilbake (8,6 prosent), samtidig som trafikken på dei digitale flatene går litt fram (+ 0,5 prosent).

Artikkelen held fram under annonsen.

Gler seg over fleire lesarar

Hallingdølen utmerker seg med ein sterk digital vekst. Det siste året har lesartala på dei digitale flatene gått opp frå 7757 til 9975.

– Dette er veldig gledelege tal. Me har hatt ei fin utvikling over fleire år no, og dette bykset er formidabelt, seier ansvarleg redaktør Lillian Holden.

Les også
Best i Europa: – Me deler prisen med lesarane våre

Ingenting gler eit journalisthjarte meir enn at fleire vel å bruke, lese og engasjere seg i lokalavisa.

Ifølgje Medier24 er det berre seks medier med større prosentvis vekst i dagleg digital dekning: Vi.no, Dagen, Se&Hør, Nordstrands blad, KK og Elbil24.

– Jobba hardt

Den digitale trenden er at mobilen opplever stor vekst, medan det går litt tilbake med pc og nettbrett. Slik er trenden også i Hallingdølen.

– Me har jobba hardt med den digitale omstillinga, og no ser me gode og sterke resultat av det. Me brukar innsikta i lesarvanar og visningar til å lage meir av den journalistikken som treffer abonnentane best, seier Holden.

Les også
William (36) vart abonnent nummer 10.216 - historisk rekord for Hallingdølen

Samtidig understrekar ho at Hallingdølen held fast ved å lage eit papirprodukt som står sterkt.

– Me har valt å ikkje skalere ned papiravisa sjølv om me har endra oss til å ha digitalt fokus. Det har me ståltrua på er ei suksessoppskrift, som abonnentane våre set pris på, seier redaktøren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Podkast

Dei samla lesartala til Hallingdølen er 14.903, som er ein vekst på 415 samanlikna med året før. Om fem dagar vil opplagstala til avisene bli kjent.

Sjølv om den digitale veksten er god for Hallingdølen, har Lillian Holden tru på vidare vekst.

– Me har framleis eit potensial når det gjeld nye abonnentar og å auke den digitale bruken blant dei eksisterande abonnentane. Samtidig må me gjera nye ting, no er me i gang med podkastsatsing. Det trur eg blir veldig gøy, seier Lillian Holden.

Les også
Lang skuledag og fleire timar venting på buss: – Eg føler med dei
Les også
Gjekk saman og starta firma: – Ein eller annan gong må ein berre ta ein sjanse og prøve
Les også
Fjellvatnet inneheld cyanobakterie og toksin - frårår hundar og husdyr å drikke vatnet