Kommmuneoverlege i Nesbyen, Nils Høva.

Koronaviruset: Person i 40-åra innlagt på sjukehus

Sundag vart ein koronasjuk person frå Nesbyen sendt til Ringerike sjukehus. Til no er seks frå Hallingdal innlagt som følgje av viruset.

Ifølge kommuneoverlege Nils Høva vart personen lagt inn etter å ha vore i «dårleg forfatning».

– Vedkommande har vore isolert sidan 19. mars, så me hadde alt full oversikt over smittesituasjonen. Sidan då har me hatt regelmessig kontakt, seier Høva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snittalder: 60

40-åra er godt under den alderen som ein reknar som risikogruppe, nemleg personar over 65 år.

– Men ser ein på snittalderen på dei pasientane som no er innlagt på intensivavdelingar rundt om i Norge, så er den nede i 60 år, seier Høva.

Les også
Seks nye prøvesvar i dag: No er Hol hardast råka i landet

15 personar er no koronasmitta i Nesbyen. I tillegg reknar ein to barn som smitta, utan at dei er testa.

– Dei har omsorgspersonar som er smitta, seier Høva. Ingen av barna skal ha spesielt alvorlege symptom.

Vil du lese meir om koronaviruset? Sjå Hallingdølens samleside her

Høva seier dei har god oversikt over koronasituasjonen i Nesbyen. Dei har drive intens smittesporing den siste tida.

– Me ser at det er det som duger. Dei siste tre tilfella av smitte me har fått, har vore folk som alt er i karantene. Så tiltaka fungerer. Me har isolert ut dei som kan vere smitta, seier han.

Seks lagt inn

Måndag formiddag var det i alt seks personar frå Hallingdal som er lagt inn på sjukehus. Fire av dei på Ringerike, to på Hallingdal sjukestugu. Den eine som er innlagt på sjukestugu er frå Nesbyen, og Høva håpar vedkommande er i form til å bli skrive ut i løpet av måndagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så får me sjå om vedkommande kan reise rett heim, eller kome til smitteavdelinga som me har oppretta på Elverhøy, seier kommuneoverlegen.

Les også
– Du blir heilt utmatta

Den andre personen som ligg på sjukestugu, er frå Ål. På Ringerike ligg det to personar frå Hol - i tillegg vart ein person frå Gol sendt dit på laurdag. Kommuneoverlege i Gol, Jagannivasan Thurainayagam, seier tilstanden til vedkommande er stabil.

Klokka 10.00 måndag var smittesituasjonen slik i Hallingdal:

Flå: 1

Nesbyen: 15

Gol: 9

Hemsedal: 7

Ål: 9

Artikkelen held fram under annonsen.

Hol: 42

Les også
Hol er nest hardast råka i landet: – Forstår godt at folk lurer på korleis me kan ha kontroll