Slik ser det ut der smittesporingsgruppa sit og jobbar. På trygg avstand frå kvarandre. På biletet: Marianne Løvstuen, Berit Sandaker, Bente Brundtland, Heidi Haugo og Siri Kvinlog. Det sit også to personar på heimekontor.

Hol er nest hardast råka i landet: – Forstår godt at folk lurer på korleis me kan ha kontroll

I Hol er til no heile 36 personar bekrefta koronasmitta. Berre ein kommune i Norge er hardare råka. Likevel fortel smitteverngruppa at dei har full kontroll over situasjonen.

Korleis kan det vere mogleg?

Det er spørsmålet mange stiller seg i takt med at det blir fleire og fleire koronasjuke i Hol. Fredag var talet på smittetilfelle oppe i 36. Ifølge ein oversikt VG har laga er 8,1 personar smitta per 1000 innbyggarar i Hol. Det er nest høgast i heile landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre Frosta i Trøndelag er hardare råka, med 8,76 smitta per 1000 innbyggarar. På tredjeplass, bak Hol, finn me Sel i Gudbrandsdalen med 6,1.

Fekk smitta tidleg

– Eg forstår godt at folk lurer på korleis me kan ha kontroll no. Men det har me. Me har kartlagt alle smittetilfelle og kjenner smittevegar og smittepunkt, seier smittevernlege i Hol, Peter Schiellerup.

Han fortel at dei aller fleste smittetilfella kan sporast tilbake til nokre ganske få «smittepunkt». Det betyr spesifikke hendingar, eller samlingar av folk, der mange har blitt smitta. Det skal ifølge han vere snakk om 4-5 slike «punkt» i Hol, som dei fleste smitta har ein kopling til. Fleire delar av kommunen beskriv han som «hardt ramma», utan at han vil vere meir spesifikk.

– No veit me at smitta er på veg utover i kommunen. Det er utruleg viktig at folk følgjer dei råd og den rettleiing som blir gitt, både frå Folkehelseinstituttet og frå kommunen. Per i dag har me 36 som me veit er smitta. Men mange er sjuke, seier Schiellerup.

Heidi Haugo er blant dei som jobbar intenst med smittesporing i Hol.

Om ein blir smitta av korona, kan det gå alt frå 0-14 dagar før ein utviklar symptom. Det finst også dei som er smitta, men som aldri viser symptom. Desse kan likevel smitte andre menneske. Derfor er det uhyre viktig at folk held seg mest mogleg heime, har streng hygiene og ikkje omgåst andre folk.

Stor sporingsjobb

Hol var tidleg ute med å få koronasmitta til kommunen. Det første tilfellet kom alt 13. mars.

– Dei siste vekene har det vore veldig strenge tiltak. Blant anna er det ikkje lenger lov med store folkesamlingar. Men me fekk smitten hit før desse reglane vart innført, seier smittevernleiar Hege J. Isungset.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at kommunen er godt rigga til å handtere situasjonen. Ei gruppe som no har ein massiv jobb, er dei som arbeider med smittesporing. Sju personar jobbar kontinuerleg med dette, også i helgane. Fem sit saman, medan eit par sit på heimekontor. Saman jobbar dei med å kartlegge kvart enkelt smittetilfelle, kor desse personane har vore, kven dei har vore i kontakt med.

– Det gjer at me har oversikt over alle dei som er smitta, og alle som no sit i karantene, seier Isungset.

Når det kjem inn eit nytt positivt prøvesvar, hiv sporingsgruppa seg rundt. Dei kontaktar vedkommande, og gir beskjed om isolasjon. Mange av dei som blir bekrefta smitta, er alt i karantene. Deretter dobbeltsjekkar dei at alle rundt den smitta har fått beskjed om at dei må i karantene, dei fører namn og lister og ringer rundt. Ofte er tiltaka innført alt før prøvesvaret kjem.

Dei prøver å ligge i forkant. Om ein person viser symptom, blir vedkommande behandla som smitta også før det kjem ein positiv prøve. All informasjon smittesporingsgruppa har, er samla i eit excel-ark for å gi oversikt.

Håpar på lågare tal

– Har de ei meining om korleis situasjonen vil utvikle seg?

– Det er vanskeleg å spå, seier Schiellerup.

– Me håpar at befolkninga følgjer alle råd som er gitt. Gjer alle det, har me ei forventning om at me vil kunne sjå lågare tal over dei neste vekene.

Til alle dei som er engstelege over smittesituasjonen i Hol, seier smittevernlegen følgjande:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har oversikt over kor smittevegane går. Om alle no gjer ein innsats for folkehelsa, vil me saman ha kontroll på dette.

Les også
To personar innlagt ved Hallingdal sjukestugu i dag
Les også
Få prøver å gjera hytta om til hus
Les også
Beredskapsbarnehagen vart redninga for Silje Marie og Jan