Lege Jørn Ingve Tømmerstrand og sjukepleiar Marianne Fluto i Ål testar potensielle koronasmitta. Biletet er tatt for nokre veker sidan.

To personar innlagt ved Hallingdal sjukestugu i dag

Ein person frå Ål og ein person frå Nesbyen er lagt inn ved Hallingdal sjukestugu det siste døgnet. Talet på koronasmitta i Hallingdal er no oppe i 70.

Personen frå Nesbyen vart lagt inn fredag.

– Det er snakk om ein litt eldre person som no har hatt eit langvarig sjukdomsforløp, med luftvegsplagar, fortel kommuneoverlege Nils Høva.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det snakk om å få hjelp til å puste?

– Det er noko ein må vurdere, og sjå om behovet kjem etter kvart.

Også i Ål har ein valt å legge ein person inn ved sjukestugu.

– Tilstanden er ikkje beskrive som alvorleg, seier lege Marianne Lerberg.

Ifølge kommuneoverlege Høva opplever ein eit aldri så lite dilemma i desse dagar: Det finst ingen klare køyrereglar for når ein skal gå til det skritt å legge inn ein koronasjuk pasient.

– Me er i dialog med vår spesialist ved sjukehuset, og me har kontakt med andre. Men om nokre dagar må me sørge for at me er samde om når det er rett å legge inn. Me ser av erfaringar som kolleger har gjort seg både i andre land og i Norge, at når pasientar blir dårlege, så blir det raskt dårlege. Derfor er det viktig å legge inn i tide, seier han.

To nye tilfelle

Fredag morgon var det meldt om to nye smittetilfelle i Ål.

– Det eine tilfellet har me kontroll på. Personen var allereie i karantene, etter å ha vore i det same selskapet som fleire andre som har blitt sjuke, seier lege Marianne Lerberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det andre tilfellet Ål no har fått, krev ein større sporingsjobb.

– Me er enno ikkje sikre på kor denne personen har blitt smitta. Tilfellet er ikkje knytt til nokon av dei andre me har i Ål så langt, seier Lerberg.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Kommunen si smittesporingsgruppe begynte torsdag kveld jobben med å kartlegge kor smitta kan ha kome frå.

– Me held fram arbeidet i dag. Symptoma denne personen har, er milde, seier Lerberg.

– God kontroll

Det er berre dette siste tilfellet ein så langt ikkje har oversikt over i Ål.

– Elles har me god kontroll. Me veit kor smitta hjå dei andre har kome frå, og kor dei har vore, seier legen.

Talet på smitta i Hallingdal var fredag morgon klokka 10 oppe i 70. Tilfella fordeler seg slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

Flå: 1

Nesbyen: 14

Gol: 6

Ål: 7

Hemsedal: 6

Hol: 36

Les også
Åtte nye tilfelle av koronasmitte i Hallingdal torsdag
Les også
Hol tapar fleire hundre millionar: — Katastrofetal for reiselivet og lokalsamfunnet
Les også
Beredskapsbarnehagen vart redninga for Silje Marie og Jan