Korona: Kommunelege i Gol kommune Jagannivasan Thurainayagam

Ein koronasjuk frå Gol innlagt på sjukehus

Gol har fått to nye tilfelle av koronasmitte laurdag. Ein har blitt lagt inn ved Ringerike sjukehus.

Ifølge kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam har vedkommande alvorlege luftvegsymptom, men tilstanden er meldt å vere stabil.

Smittekjelda til denne koronasjuke personen er førebels ukjent. Thurainayagam seier det blir jobba med smitteverntiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Seks nye prøvesvar i dag: No er Hol hardast råka i landet

Den koronasjuke som no er på Ringerike, er det eine av to bekrefta koronatilfelle i Gol i dag. Thurainayagam fortel at når det gjeld den andre personen, så har dei mistenkt smitte ei tid. Derfor var smitteverntiltak alt gjort.

Smittekjelda her er kjent, og Thurainayagam seier det er stabile forhold for vedkommande.

Gol er no oppe i åtte bekrefta tilfelle av koronasmitte.

Etter det Hallingdølen kjenner til, er no fem personar frå Hallingdal innlagt på sjukehus. To av dei, ein person frå Ål og ein frå Nesbyen, er lagt inn ved Hallingdal sjukestugu. Dei tre andre ligg på Ringerike.

Les også
Dei er frontsoldatane i koronakrigen
Les også
Polioepidemien råka Hol hardt: — Sjukebilen gjekk 40 turar til Drammen på ein månad