Her på Sollihøgda stoppar den nye E16. Vegen vidare frå Skaret til Hønefoss er ein stygg ulykkesveg. Åtte personar har omkome der dei siste 12 åra.

Knuser myte: Dødstala klart høgare på Skaret-Hønefoss enn Arna-Stanghelle

Signal frå regjeringshald kan tyde på at Arna-Stanghelle (K5) blir prioritert framfor Ringeriksbanen på grunn av rasfare og farleg veg. Men stemmer dette med fakta?

Tal Hallingdølen presenterer i dag teiknar eit noko anna bilete:

* Ulykkesstatistikken er faktisk verre for E16 Skaret- Hønefoss enn E16 Arne-Stanghelle. Sidan 2012 har sju personar mista livet på strekninga i aust, to personar i vest. Altså tre og ei halv gong så mange. Også dei siste 23 åra - frå år 2000 - er det fleire trafikkdrepne i aust enn i vest.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Dessutan kan Arna-Stanghelle raskt og med relativt små midlar sikrast vesentleg mot ras, ifølge ny rapport frå Statens vegvesen. Prisen er 52 millionar kroner.

Fagetatane prioriterer Ringeriksbanen før K5 Arna-Stanghelle. Ringeriksbanen vil korte reisetida på Bergensbanen med ein time.

Fagetaten vil ha Ringeriksbanen

Regjeringa skal i løpet av eit par månader legge fram sitt forslag til Nasjonal transportplan. På Bergensbanen er det to store utbyggingsprosjekt. Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (veg og bane) til 30,1 milliardar kroner (ekskl. moms på jernbane) og fellesprosjektet Ringeriksporteføljen (veg og bane) til 46,1 millionar (ekskl. moms på jernbane).

Forkjemparane for Bergensbanen vil helst ha begge prosjekta, men det mest realistiske er at det eine vil starte før det andre.

Fagetatane, det vil seie Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet har prioritert Ringeriksbanen fyrst i sitt forslag til Nasjonal transportplan fordi prosjektet har større samfunnsnytte enn Arna-Stanghelle.

Regjeringssignal peikar mot vest

Kva politikarane landar på, er enno ukjent. Men signal frå regjeringshald er at fokuset er størst på Arna-Stanghelle. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) var på Vestlandet før sist val og kunngjorde at dei i inneverande statsbudsjett sette av 300 millionar for å planlegge og klarlegge Arna-Stanghelle.

– Dette prosjektet vil me sjå realisert, uttalte Støre til TV2 utan å tidfeste når det skal skje.

Les også
Tindrande klar tale om Ringeriksbanen: – Kanskje har me vore for snille, men no er det alvor!

Då fagetatane sist vår i sitt forslag til Nasjonal transportplan skuva K5 ut i tid på grunn av liten samfunnsnytte, var Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap) i harnisk.

– Kast dei samfunnsøkonomiske utrekningane på båten og prioriter liv og helse, uttalte han til avisa Hordaland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp) er leiar i transportkomiteen på Stortinget.

Rassikring og trafikksikkerheit blir i alle samanhengar lyfta fram når K5 blir omtalt. Strekninga Bergen Voss er ofte karakterisert som «dødsvegen». Då samferdselskomiteen på Stortinget gjesta Hallingdal nyleg, fekk komiteleiar Sigbjørn Gjelsvik (Sp) spørsmål om kva som gjer at regjeringa kan lande på ein annan konklusjon enn fagetatane. Gjelsvik svara at alle prosjekt har sine særeigenheiter og at K5 blant anna handlar om rassikring.

Fleire drepne i aust

Hallingdølen har på bakgrunn av alt dette gått nærare inn i både ulykkestal og skredproblematikk. Stemmer biletet som er teikna av «dødsvegen» i vest, mens E16 Skaret-Hønefoss ikkje utgjer nokon stor fare?

Vegstrekninga Skaret-Hønefoss (Ringeriksporteføljen) og Arne-Stanghelle (K5) er nokså like i lengd, ca. 30 kilometer. Trafikken er stor på begge vegane, litt større i aust.

Mange trafikkdrepne og mange hardt skadde. E16 mellom Hønefoss og Skaret er ei farleg strekning. Biletet er frå området forbi Ringerike sjukehus.

Dei siste 12 åra (2012-2023) syner Vegvesenet sin statistikken følgjande:

* E16 Skaret-Hønefoss: 7 drepne

* E16 Arna-Stanghelle: 2 drepne

Ser me på hardt skadde er tala som følgjer:

* E16 Skaret-Hønefoss: 17 hardt skadde

Artikkelen held fram under annonsen.

* E16 Arna-Stanghelle: 21 hardt skadde.

(Hallingdølen har teke med tala for 2023, sjølv om det ikkje er offisielle tal enno)

Biletet endrar seg ikkje viss me samanliknar ulykkestala på dei to strekningane i perioden 2000-2023:

* E16 Skaret-Hønefoss: 18 drepne

* E16 Arna-Stanghelle: 11 drepne

Ser me på hardt skadde i perioden 2000-2023 er dette tala:

* E16 Skaret Hønefoss: 44 hardt skadde

* E16 Arna Stanghelle: 52 hardt skadde

Artikkelen held fram under annonsen.

(Hallingdølen har teke med tala for 2023, sjølv om det ikkje er offisielle tal enno)

Realiteten er altså at dei to strekningane begge har stygge ulykkestal. Det er klart flest dødsulykker i aust, mens hardt skadde er litt fleire i vest.

Rassikring for 52 millionar

Eit viktig argument for Arna-Stanghelle er å få vekk ei rasutsett strekning. K5 vil løyse dette, men utbygginga vil ta mange år og koste 30,1 milliardar kroner, ifølgje fellesprosjektet til Statens vegvesen og Bane Nor.

Siste kvalitetssikring av Arna-Stanghelle antydar ein kostnad på over 38 milliardar kroner.

Les også
Karamell i vest: Arna-Stanghelle blir fleire milliardar kroner dyrare enn planlagt

Hausten 2023 gav Geofag Drift og vedlikehald i Statens vegvesen ut ein samla skredrapport for alle riksvegane i landet. Også Arna-Stanghelle. På denne strekninga reknar fagekspertane i Statens vegvesen opp 11 tiltak som vil gjera vegen meir trafikksikker.

Det dreier seg om terrengtiltak, fanggjerde, skredovervakingsanlegg, isnett, mur, rensk, bolting og bergskjering.

Dei 11 skredpunkta og tiltaka som er forslått der vil i sum koste 52,5 millionar kroner. I kalkylane er det ei usikkerheit på pluss/minus 40 prosent. Me snakkar med andre ord om kostnader på mellom 30 og 70 millionar kroner.

Ny veg og bane frå Arna til Stanghelle vil koste 30,1 milliardar, følge prosjektorganisasjonen. Ekstern kvalitetssikringsrapport meiner prisen blir 38,1 milliardar.

– Vesentleg reduksjon

– Statens vegvesen meiner at tiltak på dei 11 punkta vil gi ein vesentleg reduksjon av risikoen for skred på strekninga, seier utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at strekninga framleis vil vere skredutsett på andre punkt. Ifølgje Vegvesenets eigne skredekspertar er dei mest rasutsette områda likevel fanga opp. Det skal nemleg vere ein viss frekvens for at eit skredutsett område blir definert som skredpunkt.

Kjell Inge Davik seier at Vegvesenet ikkje set sikringstiltak på dagens E16 opp mot K5 Arna-Stanghelle, og legg til at hendingar dei siste dagane understrekar behovet for å sikre dagens veg, særleg når opning av nye veg ligg 10-12 år fram i tid.

Les også
Erna meiner det er rom for både Arna-Stanghelle og Ringeriksbanen: – Og det er viktig å få det til

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er berre fyrste del av ny veg/bane mellom Arna og Voss. Når trinn to blir realisert, er det ingen som har uttalt seg om. Det som er planlagt til no, er Arna-Stanghelle. Skredrapporten til Statens vegvesen reknar likevel opp kva det vil koste å gjera neste strekning meir sikker, Stanghelle-Voss. Her peikar rapporten på 15 tiltak for til saman 189 millionar kroner.

Ein time mot 14 minutt

Ulykkesstatistikken syner altså at Skaret-Hønefoss har fleire trafikkdrepne enn Arna-Stanghelle, mens det er litt fleire hardt skadde i vest. Det er ikkje slik det gjerne blir framstilt, at trafikksikkerheit er ei utfordring i vest, ikkje i aust.

I tillegg kan E16 i vest bli mykje tryggare ved å skredsikre vegen. Dette kan skje med langt mindre midlar og mykje raskare enn å vente på K5. I skredrapporten til Statens vegvesen er sikringstiltak på heile strekninga Arna-Voss summert til 241 millionar kroner. Dette er ein mindre sum enn det regjeringa løyvde til planlegging av Arna-Stanghelle i inneverande statsbudsjett.

Ringeriksbanen mellom Sandvika og Hønefoss vil korte reisetida på Bergensbanen med ein time. Husa på biletet er seks av 31 eigedommar som alt er innløyst etter at reguleringsplanen for utbygginga er vedteken.

Ringeriksbanen og K5 må begge realiserast, saman med ein del andre tiltak, dersom ein framtidig Bergenbsbane skal nå målet om ei reisetid ned mot fire timar. Kjem ein dit viser rapportar at bane blir ein reell konkurrent til fly.

Dei to utbyggingane gir likevel svært ulik innsparing i reisetid. Mens Ringeriksbanen vil knappe ned reisetida med tog mellom Oslo og Bergen med om lag ein time, vil K5 Arna-Stanghelle korte ned reisetida med 14 minutt.