Lillian Holden: Lillian Holden vart kåra til årets leiartalent 2022 av Medienettverket.

Kåra til årets leiartalent: – Det kom som eit sjokk på meg

Ansvarleg redaktør i Hallingdølen, Lillan Holden, er kåra til årets leiartalent 2022.

Det er Medienettverket som deler ut prisen, og under deira haustmøte på Pressens Hus i Oslo torsdag kunne redaktøren i Hallingdølen strekke hendene i vêret då ho stakk av med prisen for «årets talent».

Årets leiartalent

Prisen «Årets kvinnelege medieleiar» er blitt delt ut årleg sidan 1991, medan «Årets talent» er blitt delt ut årleg sidan 2011.

For begge prisane blir det lagt stor vekt på å vere førebilete for andre medieleiarar. I tillegg skal prisvinnaren ha markert seg særleg som leiar.

Dei nominerte til å vinne prisen var:

* Lillian Holden (36), ansvarleg redaktør i Hallingdølen

* Elise Kruse (30), religion- og featureredaktør i Vårt Land

* Mariell Kversøy Enge (37), direktør kommersiell produktutvikling i Amedia

Artikkelen held fram under annonsen.

Overraska

– Det kom som eit sjokk på meg. Men det er kjempeartig, seier Holden.

Holden har vore sentral i Hallingdølens digitale utvikling sidan ho kom frå VG-sporten i 2018. Etter eit år som journalist fekk ho jobben som redaktør i avisa, og i sommar reiste ho til Wien då Hallingdølen vann prisen for årets lokalavis i Europa.

– Det var to veldig flinke folk som var nominert, seier Holden om kvifor ho ikkje hadde venta å vinne prisen.

Les også
Kåra til eit av dei beste leiartalenta: – Å seie at eg vart overraska er ei underdriving. Eg vart sett ut

– Dei har spennande jobbar begge to, men det er veldig artig at det blir lagt merke til at me gjer mykje bra ute i lokalavisene. At dei lyftar blikket ut av hovudstaden, er slik sett ein anerkjenning til lokalavisene, i tillegg til Hallingdølen og meg.

VG-ånden

Holden meiner sigeren kjem som følgje av lagarbeid og at det ikkje er ho åleine som har teke dei grepa som Hallingdølen haustar skryt for.

Les også
Jublar for opplagstal - Hallingdølen over 10.000

Til dømes har Hallingdølen gjeve ut ei avis på dialekt, og dessutan fått mange godord for framsidestuntet «Det store togrøveriet», som gjekk på at regjeringa i framlegget til statsbudsjett legg opp til å endre på planane for Ringeriksbanen slik at heile prosjektet står i fare. Framsida fekk stor nasjonal merksemd.

Les også
«Det store togrøveriet»: Sjå bilete frå protesten framfor Stortinget

– Det er flinke folk i fellesskap som gjer dette, seier ho om avisa sine stunt.

– Men du gir dei fridom til det?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ein bakgrunn frå VG kor det er ein spesiell kultur, og VG-ånden har eg tatt med meg til Hallingdølen. Me skal lage den gode journalistikken, men samtidig underhalde og vera litt leikne. Me skal gjera spesielle ting og ikkje vera redd for å gå på trynet.

Torry Pedersen, tidlegare sjefred../adm.dir. VG, delte ut prisen Årets leiartalent til Hallingdølen-redaktør Lillian Holden.

Det er denne ånden ho no håper sit i veggene på kontora på Sundre.

– Når me skaper ein slik kultur, er det god takhøgd for å koma med uvanlege midlar og grep, og å kaste fram ting. Då blir det artig å gå på jobb. Og artig, det har me på jobben, seier ho.

– Og feiring?

– Eg skal på jobb i morgon, så eg kosta på meg ein cola på toget heim frå Oslo, ler Holden.

Grunngjevinga frå juryen

«Kollegaer seier ho er dyktig, samlande, motiverande, omtenksam og artig å jobbe saman med. Ho er svært resultatorientert. Ho er ein leiar som ikkje gjer forskjell på ung og gamal. Ho vågar å tilsette medarbeidarar med utradisjonell bakgrunn. Ho har bygd opp ei stor psykologisk tryggheit i teamet sitt, som igjen er nøkkelen til innovasjon og nyskaping. Tilliten frå staben og evna til å snu seg rundt, gjer at ho og kollegaene stadig leverer på kreativitet og evna til å gjennomføre.

Vinnaren står fram som eit solid førebilete for andre, ved at ho får folk til å vekse inn i større oppgåver og/eller bidra med og til, utradisjonelle idear, som å dobbeltpublisere på norsk og polsk — fordi innhaldet i sakene handla om polske arbeidarar som også bur i dalen der avisa kjem ut. Avisa ho leier står utanfor dei store mediekonserna, noko som er ei utfordring med tanke på kostnadar knytt mot teknologiske plattformer og fellestenester.

Årets talent er i seg sjølv mangfaldig. Utan toppleiarerfaring tok vinnaren eit sprang, eller skal ein kanskje seie eit (halling) kast då ho i 2019 forlét VG sporten for å bli ansvarleg redaktør i lokalavisa Hallingdølen.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var rundt 45 nominerte kandidatar til prisen Årets leiartalent, og dei to andre finalistane i kåringa var Elise Kruse (t.h., religion- og featureredaktør i Vårt Land og Mariell Kversøy Enge (t.v.), direktør kommersiell produktutvikling i Amedia, i tillegg til prisvinnar Lillian Holden, redaktør i Hallingdølen.
Les også
Politiet etterforskar vald på LO-konferansen: – Saka er koda som kroppskrenking
Les også
Ordførarane konfronterte Støre om Ringeriksbanen: – Eg er ganske usikker; håpar han tek det med seg
Les også
To bilar køyrde i kvarandre - fire personar involvert

Prisen for årets kvinnelege medieleiar gjekk til sjefredaktør i Dagbladet, Alexandra Beverfjord.