Jublar for opplagstal - Hallingdølen over 10.000
Hallingdølen er «tilbake på sine høgder» med eit opplag på 10.084.
– Veldig gledeleg at me nådde målet alt no, seier ansvarleg redaktør Lillian Holden.
Ho siktar til det «hårete» målet ho og resten av avishuset sette seg etter opplagstala ved nyttår. Då gjekk Hallingdølen kraftig fram til 9835. Draumen var å kome over det «magiske» talet 10.000.
Artikkelen held fram under annonsen.
No har det skjedd.
– Det har vore eit felles mål for heile avishuset å jobbe mot 10.000. Det er mange år sidan me var der. Desto meir gledeleg at me alt nådde målet, seier Holden
Opplagsutvikling i Hallingdølen
1.1. 2019: 9013
1.7. 2019: 9078
1.1. 2020: 9204
1.7. 2020: 9401
1.1. 2021: 9834
1.7. 2021: 10.084
Vekst på 0,5 prosent
Det er Mediebedriftene som legg fram avistal to gonger i året. Dei siste tala syner opplaget etter fyrste halvår 2021.
Samla sett går opplaget for avisbransjen opp med 0,5 prosent. Heildigitale opplag veks, medan papiravisene opplever tilbakegang.
– Gledeleg stabilt
Hallingdølen følgjer same trenden sjølv om papiropplaget berre har gått tilbake med om lag 100 det siste halve året. Den digitale veksten meir enn kompenserer for dette. Hallingdølen er den avisa i Buskerud med klart best opplagsutvikling.
– Me opplever svak tilbakegang på papir; eigentleg er det gledeleg stabilt. Veksten kjem digitalt som er trenden i resten av mediebransjen, seier Holden.
Tilbake att
Det er eit historisk steg når Hallingdølen no er tilbake med opplag over 10.000. Tidleg på 2000-talet passerte avisa denne grensa, og toppåret var 2007 med 10.215 i opplag. Deretter var det mange år der pilene peikte i feil retning. Avisa var nede i 8800 i opplag, før trenden har snudd att dei siste åra.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva er forklaringa på veksten?
– Me har blitt ei 24/7 avis. Når ting skjer veit folk at dei kan gå inn på Hallingdølen og bli oppdatert. Det gjer utslag på både lesartal og nye abonnement, trur Holden.
I tillegg er Hallingdølen ei fullserviceavis, som legg vekt på å kombinere digital satsing med framleis å lage ei sterk papiravis.
Opplag for diverse aviser (endring siste halvår i parentes)
Aftenposten 256.254 (-1062)
VG+ 250.975 (+20.854)
Dagens Næringsliv 95.483 (+2836)
Bergens Tidende 86.311 (+2209)
Dagbladet+ (76.218 (-10.577)
Drammens Tidende 28.782 (-187)
Ringerikes Blad 11.622 (-106)
Bygdeposten 6830 (-71)
Laagendalsposten 9341 (0)
Hallingdølen 10.084 (+250)
Valdres 9292 (+174)
Hordaland 8334 (+175)
Sunnhordland 6775 (+137)
Sogn Avis 9298 (+166)
Pandemien
2020 var eit godt år for norske aviser. Pandemien gjorde at folk var meir nyheitshungrige, og avisene spelte ei viktig rolle med å formidle informasjon og nyheiter rundt koronaviruset. I 2021 har bransjen opplevd litt tilbakegang att, men opplagstala går likevel rett veg for Hallingdølen.
– Kva er neste målet?
– Me er jo ikkje langt unna rekorden frå 2007. Det er eit «hårete» mål, men det må me ha, seier Lillian Holden som fortel at avishuset alt har feira dei nye opplagstala med ein festmiddag for heile avishuset.