Hallingdølen feira sjølvsagt gode opplagstal med kake denne veka. Her ved redaksjonen. Bak frå venstre: Mona N. Stensvold, Tor Folgerø, Anna Huseby, Tone Merete Tho, Ina Eirin Eliassen, Preben Ørpetveit Solberg, Olav Johannes Bøthun, Torbjørn Gunhildgard og Knut Olav Kvisse. I front: Redaktør Lillian Holden og Embrik Luksengard. Tre journalistar var ikkje til stades då biletet vart tatt: Magnus Lindahl, Vilde Jagland og Arne Ole Lindahl.

Hallingdølen på veg mot 10.000 i opplag: - Ein eventyrleg vekst

Hallingdølen hadde i 2020 ein auke i opplaget på heile 630 nye abonnentar. Det samla opplaget er no 9834.

Ikkje sidan 2008 har opplagstalet vore høgare for Hallingdølen. Den største auken i 2020 kom i siste halvår, med 433 fleire abonnentar.

– Det er ein eventyrleg vekst. Auken skjer digitalt. Ein fjerdedel av abonnentane våre er no digitale, seier ansvarleg redaktør Lillian Holden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei abonnentane som er digitale, får ikkje papiravisa i postkassa. Men dei har tilgang til alt innhald på nettsida, og kan lese papiravisa digitalt i form av e-avis.

– Samstundes er det gledeleg å sjå at papiropplaget vårt er stabilt. Me har eit mindre fall enn store delar av avisnorge, seier Holden. I løpet av heile 2020 gjekk papiravisa tilbake berre 1,2 prosent.

Holden er svært nøgd med at lesarane så tydeleg syner at dei set pris på produktet.

Var det frykt for å gå glipp av informasjon om koronapandemien som dreiv opplaget oppover i fjor?

— Det er ei kjent sak at krig og kriser sel aviser. Folk ynskjer å vite mest mogleg. Ikkje minst ynskjer dei å vite kva som skjer der dei bur. Informasjonen frå sentralt hald, blir ikkje komplett utan lokal oppdatering, seier Lillian Holden.

Informasjonsbehov

Ho meiner også at det auka behovet for informasjon gjer folk meir medvitne om kor viktige lokalavisene er.

– Den auka interessa gjer at fleire ser alt det andre stoffet me tilbyr. I tillegg gjer den digitale satsinga vår at folk får augo opp for at Hallingdølen no har blitt ein nyheitskanal 24 timar i døgnet, gjennom heile veka, seier ho.

Les også
Gode tips til avisa kan gi deg gåvekort og iPad

Redaksjonen i Hallingdølen har no folk på jobb det meste av døgnet. Unntaket er nattetimane. Men når noko hender, er det låg terskel for å starte opp også då.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Hallingdølen skal vere kjapt ute på nett når det skjer noko. Dette gjeld ikkje berre store hendingar som brannar og ulykker. Me skal også vere kjappe på lokalpolitikk, sport og anna, seier Lillian Holden.

Nøgd

Ho er svært nøgd med innsatsen dei tilsette har levert dette siste året. Journalistane har tilpassa seg ny situasjon, med fleire periodar på heimekontor.

– Eg er utruleg stolt over den jobben dei har gjort, og måten dei har takla utfordringane på. Eg trur ikkje folk veit kor stor jobb dei legg ned, kvar einaste dag. Det gjeld heile avishuset vårt, seier Holden.

Les også
Godt år for Hallingdølen

Marknadsavdelinga har oppnådd gode resultat i ei krevjande og usikker tid for annonsørane.

– I tillegg har me flinke mediegrafikarar som kan kunsten å få avisa til å sjå både innbydande og spennande ut. Ikkje alle aviser tek seg råd til dette i dag, seier Lillian Holden.

Ei grense?

– Med opplag på veg mot 10.000, og låg vekst i folketalet. Kva tid når opplaget til Hallingdølen grensa?

– Me har framleis solid auke. Vidare bur om lag ein tredjedel av lesarane våre utanfor dalen. Me prøver å vere bevisst på å lage journalistikk som er interessant også for hyttehallingane. Dersom me gjer ting rett, så trur eg me har mykje å hente i åra framover, seier Lillian Holden.

Det er mange år sidan Hallingdølen sist gong hadde 10.000 abonnentar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det hadde vore utruleg moro å nå det talet att. Det er noko me skal jobbe hardt for i 2021, seier ho.

Les også
Ein hissig optimist