Har testa 55 personar etter nytt smittetilfelle: – Veit ikkje smittevegen

Tysdag og onsdag var køen lang for å teste seg i Nesbyen.

Tysdag fekk kommunen nemleg beskjed om eit positivt tilfelle av koronasmitte. Det utløyste ein solid sporingsjobb.

– Me veit ikkje smittevegen. Me jobbar for å finne opphavet, seier kommuneoverlege Nils Høva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag kom 22 personar inn til teststasjonen i Nesbyen. Onsdag var det endå fleire: 33.

– Alle dei som er testa er i ventekarantene no, seier Høva. Han håpar å få svar på dei fleste prøvane i løpet av onsdagskvelden.

– Me har hatt mange ungdommar inne til testing. Mange av dei fekk første dose med vaksine førre veke. Dei er enno ikkje beskytta, det tek tre veker etter vaksinering før ein kan kalle seg det.

Nesbyen er ikkje den einaste kommunen som har testa mykje ungdom dei siste dagane. I Ål har dei gjort det same, etter at det var oppdaga smitte knytt til både Ål skule og Ål vidaregåande.

Totalt er 23 personar i Hallingdal dei siste to vekene. Dei 23 smitta fordeler seg slik:

Gol: 8

Ål: 11

Hemsedal: 1

Artikkelen held fram under annonsen.

Hol: 2

Nesbyen: 1

Les også
Endå ein skuleklasse i karantene - har testa 40 personar i dag
Les også
Endå to personar smitta etter testing av heile klassetrinnet