Smittevernlege Peter Schiellerup i Hol kommune føler at ein no har fått god kontroll på koronapandemien i kommunen. Arkivfoto.

Hallingdal hardt ramma av koronapandemien

Hallingdal er den hardast koronaramma regionen i Norge. Fem av kommunane er inne på topp 20-lista. Hol toppar lista.

Det går fram av koronastatistikken til avisa Verdens Gang. Statistikken syner tal på smitta per 1000 innbyggarar.

Hol kommune toppar med 11,03. Nesbyen fylgjer på 4.-plass (5,81), Hemsedal på 13.-plass (2,82), Ål på 14.-plass (2,78) og Gol på 19.-plass (2,17) på landsstatistikken. Landsgjennomsnittet er 1,26 smitta per 1000 innbyggarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til saman er det registrert 98 koronasmitta i Hallingdal. Hol toppar med 49 føre Nesbyen med 19 smitta.

Tidleg råka

Overlege Tone Bruun i Folkehelseinstituttet trur mykje av forklaringa kan vere at Hallingdal vart råka av koronapandemien svært tidleg — før dei strenge nasjonale og lokale smitteverntiltaka var på plass.

— Dermed rakk smitta å spreie seg. Det høge smittetalet kan også skuldast at det er vorte utført mange smittetestar, seier Bruun som ikkje ser nokon grunn til å innføre ekstraordinære tiltak i Hallingdal.

Kurven har flata ut

— Helsestyresmaktene har gått ut med sterke tilrådingar og det er kome fleire forskrifter som regulerer avstand, folkemengde, arrangement, drift av ulike verksemder osb. Dersom ein følgjer desse, isolerer sjuke og sporar opp og får sett i karantene dei som har hatt kontakt med dei smitta, vil ein få kontroll på utbrotet, seier Brun.

Og det er nettopp det som har skjedd. I Hol er det ikkje registrert eit einaste smittetilfelle etter 8. april. Heller ikkje i Nesbyen. Kurven over koronasmitta har flata ut. Ikkje berre i Hallingdal, men i heile landet. Færre blir innlagt på sjukehus, færre døyr.

Les også
Hol er nest hardast råka i landet: – Forstår godt at folk lurer på korleis me kan ha kontroll

Interessant spørsmål

— Eit interessant spørsmål, seier smittevernlege Peter Schiellerup i Hol kommune når me spør kvifor Hallingdal er så hardt ramma.

— Eg kan ikkje svare for Hallingdal. Berre for Hol. Det er riktig at mange vart smitta tidleg her i kommunen. Før dei nasjonale og lokale tiltaka var på plass. Dermed spreidde smitta seg. Men me fekk raskt sett inn effektive tiltak. Smittesporingsgruppa har i så måte gjort ein fantastisk jobb. Utan deira innsats og dei andre tiltaka, ville omfanget vore langt større, seier Schiellerup som legg til at ein har god kontroll på situasjonen.

Nyttige erfaringar

— Av dei 49 smitteregistrerte er 45 blitt friske. Ein er død. Av dei tre som framleis har symptom, er to heime i isolasjon medan ein er innlagt på sjukehus, seier Schiellerup som ikkje vil spekulere i korleis smitta kom til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Derimot veit me, på grunn av smittesporingsgruppas gode arbeid, mykje om korleis smitta spreidde seg. Det har gitt oss nyttige erfaringar, seier smittevernlegen i Hol.

Les også
Slik blir din nye koronakvardag: - Det kan bli nødvendig å ta eit steg tilbake
Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, meiner smittesporinga har vore alfa og omega for å få kontroll på koronapandemien i Hol. (Arkivfoto.)

Sosiale samkome

Det blir også stadfesta av kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen. Smittesporinga viste at det hadde vore fleire sosiale samkome i Hol. Her spreidde smitta seg som eld i tørt gras. Samkoma skjedde før 12. mars og den nasjonale nedstenginga. Dei tre fyrste smittetilfella i Hol vart stadfesta alt 9. mars.

Enormt skadepotensial

— Sosiale samlingar kor det kjem inn smitte, har eit enormt skadepotensial. Smitta spreier seg fort og i stort omfang. Smittesporing er difor svært viktig. Viss ikkje, endar det med ein ukontrollert pandemi. Testing, karantene og isolasjon er viktige tiltak, understrekar Strømmen som er glad for at ein fekk etablert smittesporingsgruppa i Hol såpass raskt. Samstundes dimensjonerte ein for massiv smitte.

Suverent på topp

På den nasjonale statistikken til Verdens Gang toppar Hol suverent med 11,03 smitta per 1000 innbyggarar. Deretter fylgjer kommunane Frosta, 8,76 og Sel i Gudbrandsdalen 6,10.

Felles for dei tre kommunane er at dei vart tidleg råka av koronapandemien - fleire dagar før den nasjonale nedstenginga.

Ulike strategiar

Men kommunane valde ulike strategiar.

Hol kommune la stor vekt på å få på plass smittesporingsgruppa, Frosta stengde kommunegrensa i fleire dagar — ingen slapp ut, ingen slapp inn — medan Sel kommune plasserte 1000 av kommunens 6000 innbyggarar i karantene. Alle tre kommunane har i dag god kontroll på koronapandemien.

— Eg trur erfaringane frå Hol, Frosta og Sel vil vera av nasjonal interesse. Andre kan ta lærdom av våre erfaringar, seier kommuneoverlege Geir Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Berre to nye smittetilfelle på fem dagar: – Det har gått slik me hadde håpa
Kommmunelege i Nesbyen, Nils Høva, legg vekt på det tette og gode samarbeidet hallingdalskommunane imellom. Arkivfoto.

Eitt spesielt samkome

Også mange av smittetilfella i Nesbyen kan førast attende til eit spesielt samkome fyrst i mars månad. Nokre slengarar som kommuneoverlege Nils Høva kallar det, kan førast attende til Hol.

– Hadde det ikkje vore for dette eine samkomet, ville me hatt svært få smittetilfelle. Men dette skjedde før dei nasjonale tiltaka kom på plass. Heldigvis bur me i ein liten og oversiktleg kommune. Smittesporingsgruppa kartla dei som var i faresona og me fekk raskt sett i verk nødvendige tiltak, opplyser Høva som også trekkjer fram det gode samarbeidet hallingdalskommunane imellom:

- Me samarbeider tett, og lærer av kvarandre, seier han.

Av dei 19 smitta er 16 erklært friske. Tre er framleis i isolasjon medan åtte personar sit i karantene.

Les også
Meir utetid og små grupper: Slik blir den nye barnehagekvardagen
Les også
Gjer seg klare til å ta imot barna att
Les også
Har sendt brev til regjeringa - fryktar konkursras