Even Knapstad samla inn vinterens strøsingel på ein tom skuleplass i Nesbyen før påske. – Det er jo veldig tomt her no. Og det er jo rart, sa han til Hallingdølen då. No skal skulane snart så smått opne opp att.

Slik blir din nye koronakvardag: - Det kan bli nødvendig å ta eit steg tilbake

Påska er over, no kjem våren for fullt. Den kan bli lang. Me må rekne med å leve med strenge restriksjonar i kvardagen i lang tid framover.

Regjeringa la tysdag i påskeveka fram oppdaterte tiltak mot koronaviruset. Dei lempar på nokre av dei strenge restriksjonane, blant anna opnar skular og barnehagar opp att frå neste veke. Heile oversikta, og kva for tiltak som blir gjeldande frå 20. april, kan du lese i faktaboksen i denne saka. Men ein ting er sikkert: Kvardagen vil fortsette å vere svært avgrensa.

– Likevel: På eit eller anna tidspunkt må me jo opne opp att noko, seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei som sit i sentrale myndigheiter har vore tydelege på at det er stor usikkerheit knytt til det at dei no lemper på enkelte tiltak. Dei er veldig obs på at det kan bli nødvendig å ta eit steg tilbake, seier han.

– Det må bli ei trinnvis opptrapping. Det er gunstig å gjere dette over tid, og hauste erfaringar nærmast frå dag til dag.

Kurven for talet på smitta har flata ut, ikkje berre i Hallingdal, men i heile landet. Færre blir innlagt på sjukehus, færre dør. Men me er enno berre i startfasen på epidemien. Det kan vere lett å gløyme, etter kvart som ein ser at færre blir sjuke og samfunnet så smått opnar att. Me har bedt Strømmen gå gjennom ulike delar av folk sin kvardag, for å seie noko om kva me kan vente oss framover.

Skular og barnehagar:

Barnehagane opnar alt frå 20. april. Mange foreldre og ekspertar landet over har uttrykt skepsis mot å sende dei minste i barnehagen att. Men barn verker ifølge rapportar å vere lite utsett for alvorleg sjukdom av koronaviruset.

– Det vil vere foreldre som held ungane heime. Me kan berre gi dei eit tilbod, så får det vere opp til foreldra å ta ei avgjerd. Men det bør vere ei avgjerd tufta på kunnskap, ikkje på frykt, seier Strømmen.

Før barnehagar og skular opnar opp att, vil det kome rettleiarar. Skuleverket førebur seg alt på dette, og håpar at svaret på mange spørsmål vil kome i desse rettleiarane. Men nokon vanleg skulekvardag vil det ikkje bli.

– Ein må halde ungane i mindre grupper, av størrelsar på inntil fem. Det byr på store utfordringar, men let seg løyse. Skulane vil finne ut av dette, seier Strømmen.

– Så må foreldre halde ungane heime om dei får luftvegsymptom. Skular og barnehagar må vere strenge på både hygiene og avstand. Det vil til dømes vere moglegheit for fleksible opningstider, kanskje annakvar dag, og heimeskule. Det er mange ulike løysingar som dei som jobbar i bransjen kan finne saman med foreldra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimekontor:

Fram til påske sat svært mange tilsette i ulike bransjar på heimekontor. Det må dei fleste bu seg på å gjere også vidare.

– Det vil nok vare lenge, seier Strømmen.

– Dei sentrale oppmodingane er at dei som kan jobbe heimanfrå, må gjere det. Men det kan vere nokon som er i gråsona. Det finst jobbar der ein kanskje ikkje får gjort så mykje om ein jobbar frå heime.

Etter kvart kan det vere aktuelt for ein del bransjar å mjuke opp, å kanskje kombinere heimekontor med å kome att på arbeidsplassen. Det viktige er ifølge Strømmen at ein då er streng med krava til avstand og hygiene.

Hytteforbodet:

Forbodet mot å opphalde seg på hytta blir oppheva frå 20. april. Men myndigheitene seier at ein likevel skal unngå alle «unødvendige fritidsreiser». Ein lysttur på hytta er derfor ikkje å anbefale.

– Det er ei sterk oppmoding til at folk held seg der dei er. Men me vil nok sjå at det kjem att folk på hyttene. Me har heldigvis eit veldig godt verktøy til å følgje med på korleis dette utviklar seg, sidan me kan telje talet på mobiltelefonar i regionen. Ser me at talet på besøkande eskalerer, må me ta eit skritt tilbake og be sentrale myndigheiter ta nye grep, seier Strømmen.

Testing:

Til no har det vore restriktivt med kven og kor mange som har blitt testa for koronaviruset. Det betyr at det har vore ganske mange fleire sjuke enn det som har blitt registrert. Men no blir testkapasiteten auka.

– Me kan gjere ei raskare og tøffare testing. Til dømes kan me kanskje no også teste ungar som får luftvegsymptom, seier Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Hallingdal har det også blitt strengare med å sleppe smitta helsepersonell ut att i jobb. Dei skal avlegge to negative prøver før dei får kome tilbake på arbeidsplassen etter ein sjukdomsperiode.

Idrett:

Mange ventar på moglegheita til å utøve idrett att, ikkje minst den organiserte idretten. Her må ein nok smørje seg med tolmod.

– Organisert aktivitet er ok, men ikkje idrett med kontakt. Det skal også vere avgrensa tal på deltakarar, maks fem, seier Strømmen. Det same gjeld generelt sosialt samvær: Maks fem personar, med god avstand. Alle idrett- og kulturarrangement som ikkje kan vareta kravet om to meters avstand, er forbode fram til 15. juni.

Reising:

Kan ein bu seg på ei reise nokon plass i år?

– Dette blir eit «heimeår». Ikkje nødvendigvis i eigen kommune, men innanlands. Det blir nok ingen utanlandsferie i 2020, seier Strømmen.

Her er dei vidare tiltaka

Endringar frå 20. april:

* Barnehagar blir opna opp att.

* Verksemder med ein til ein-kontakt, som fysioterapeutar og psykologar, kan møte pasientane sine om smitteverntiltak blir følgt.

* Hytteforbodet blir oppheva. Men sjølv om det ikkje lenger er straffbart å overnatte på hytta, blir folk framleis bedt om å unngå unødvendige fritidsreiser.

Endringar frå 27. april:

* Skulane vil delvis opne opp att. 1. — 4. trinn kan kome tilbake på skulen, det same gjeld SFO og elevar som går på vidaregåande skule og skal ut i lære frå neste skuleår. Det blir laga rettleiarar for korleis ein skal vareta smittevern. Målet er å få alle elevar tilbake på skulen før sommarferien.

* Lokale ved fagskular, høgskular og universitet skal opne for ei lita gruppe studentar og tilsette. Dei som treng tilgang på utstyr på campus og skal fullføre i vår, blir prioritert.

* Alle verksemder der det er ein til ein-kontakt kan halde opent om ein følger krava til smitteverntiltak. Det gjeld helsepersonell, men også verksemder som frisørar, kroppspleie, optikarar og liknande. Men kravet er at det skal vere ein bransjestandard på plass for smittevern. Den vil kome seinast 27. april.

* Forbod mot kultur- og idrettsarrangement som ikkje kan vareta kravet om to meters avstand, vil gjelde fram til 15. juni. Det blir då tatt ei ny vurdering. Idrettsaktivitet kan gjennomførast om Helsedirektoratet si anbefaling om avstand og grupper blir følgt: Altså grupper på maks fem personar, med to meters avstand.

* Sjukehus kan no planlegge for meir normal drift og meir planlagt behandling der det er mogleg. Kommunane kan opprette meir normal aktivitet i helse- og omsorgstenesta.

Råd og tiltak som gjeld alle:

* God hand- og hostehygiene, ikkje ta deg i ansiktet.

* Personar som bur saman kan omgå kvarandre som normalt.

* Unngå handhelsing, kyssing og klemming med personar utanfor eigen husstand.

* Hald avstand til andre, både på jobb, ute og andre stader du oppheld deg.

* Friske barn kan vere saman ute og inne, men i små grupper.

* Om du får akutt luftvegsinfeksjon bør du isolere deg heime i eitt døgn etter at du er blitt frisk.

Kilde: FHI og Helsedirektoratet