Mellom Lindelien og Kittilsviken går Rv7 og Bergensbanen tett langs Krøderen. Regjeringa vidarefører pengane til tiltaket frå førre Nasjonal transportplan.

Hallingdal får behalde pengane til Ørgenvika-Kittilsviken - glad for verbal støtte til Rv7 og Rv52

Regjeringa brukte ikkje dei 700 millionane i førre periode som var sett av til fyrste del av Vegpakke Hallingdal.

Då samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) tysdag presenterte Buskerud-satsing i regjeringas forslag til Nasjonal transportplan, var dei 700 millionane inne i planen att.

Totalt sett dreier det seg om 2 milliardar kroner, men 1,3 av dette er bompengar. Den statlege delen utgjer 700 millionar - som sist.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil bruke pengar til utbetring

Ordførarane frå Hallingdal var glad for at pengane er vidareført i første del av Nasjonal transportplan. I tillegg har dei forhåpningar om å kome i gang med utbetringstiltak på Rv7 og Rv52. Dei to vegane får status som utbetringsstrekningar, som opnar for tiltak i løpet av åra som kjem.

Les også
Ringeriksbanen ute av Nasjonal transportplan - Nygård vil starte bygging av veg

– Dette er prosjekt ein kan jobbe vidare med, slik me no seier me skal gjera framover. Nemleg bruke meir pengar på utbetringsstrekningar. Dette er to av strekningane som ligg inne der, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Eit anna vegprosjekt som får pengar er E16 Nymoen-Eggemoen, og ikkje minst E16 Skaret-Hønefoss der statsråden meiner det er grunnlag for å kome i gang i løpet av fyrste seksårsperiode.

Det var god stemning mellom Hol-ordførar og leiar i Buskerud Sp, Sigrid Simensen Ilsøy og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) då dei møttest under presentasjonen av vegsatsinga i Buskerud.

– Vil takke regjeringa

Ordførarane i Hallingdal var til stades under presentasjonen i Hole tysdag, og ytra seg positivt til meldinga som kom frå statsråden. Hol-ordførar og leiar i Buskerud Sp, Sigrid Simensen Ilsøy var fornøgd.

– Eg håpar at tida for ønskelister innafor samferdselsprosjekt og NTP no kan vera over. Det er veldig bra at me får utbetra heile strekninga frå sør i fylket og oppover over Hemsedalsfjellet. Nokon vil heilt sikkert prøve å dra dette ned, at dette ikkje er godt nok. Men i den kvardagen me har, er dette utruleg viktige grep og vere til nytte for svært mange folk. Så det vil eg takke regjeringa for, sa Ilsøy under presentasjonen.

– Litt skuffa

Ål-ordførar og regionrådsordførar Solveig Vestenfor (Ap) var også positiv opp mot det som vart presentert.

Les også
SV reagerer sterkt på Nygårds vegplanar: – Avtalebrot og eit sabla rot

– Dei 700 millionane til Ørgenvika-Kittilsviken er ikkje noko nytt samanlikna med førre plan. Det er ei vidareføring. Men det som er viktig for oss er det som ligg inne av drifts- og vedlikehaldsmidlar, på utbetringsstrekningane Rv7 og Rv52, seier Vestenfor.

Derimot er ho ikkje glad for at Ringeriksbanen er skuva ut av heile neste 12.-årsperiode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pengar til veg. Jernbanen ute dei neste 12 åra. Det var meldinga til blant anna regionrådsordførar Solveig Vestenfor (Ap.

– Kor skuffa er du?

– Eg er litt skuffa. Men eg er også glad og fornøgd med at Hallingdal har vorte sett og at Buskerud er sett. Den største frustrasjonen så lenge eg har vore ordførar, er at svært lite pengar har blitt prioritert.

– Men Hallingdal, Ringerike, Viken, NHO og LO har alle prioritert Ringeriksbanen, og regjeringa svarar med å sende den ut av Nasjonal transportplan. Er du då fornøgd?

– Nei, tenk så mykje innsats me har lagt ned. Eg kan ikkje vera fornøgd med det. Difor er det berre å stå på vidare. Slik er det.

– Opplevde du dette som eit gravøl for Ringeriksbanen?

– Nei, absolutt ikkje. Traseen blir behalden og dei er veldig tydeleg på at Ringeriksbanen framleis er med i planane. Det er moglegheiter for fleksibilitet under vegs. Viss me klarar å jobbe godt framover, kjem eg til å stå på for at det skjer noko i løpet av desse 12 åra, seier Vestenfor.