Halldis Haugen trivast godt på Vestlia.

Halldis (94) innlosjert på Vestlia: - Det er så stort her at eg kan ikkje fatte det

Halldis Haugen har sjølv drive hotell i mange år. Måndag flytta ho, som bebuar ved Geilotun, inn på Vestlia Resort.

– Det er rart, men moro, seier 94-åringen. Ho dreiv Haugen Hotell på 1950-60 og -70-talet. Til vanleg bur ho ved Geilotun, men på måndag vart heile sjukeheimsavdelinga tømt for folk. Den skal stå klar til å kunne ta imot personar med koronasmitte.

– Det er så stort her at eg kan ikkje fatte det, seier Haugen medan ho ser seg rundt.

Artikkelen held fram under annonsen.

NRK møtte Halldis Haugen då ho nettopp hadde flytta inn på Vestlia. Sjå heile innslaget i videoen under!

Les også
Nytt tilfelle av koronasmitte i Gol - barnehagebarn sett i karantene
Les også
– Mange har det verre enn meg
Les også
Hellbillies flytter konsertane