Kommuneoverlege i Gol kommune Jagannivasan Thurainayagam.

Nytt tilfelle av koronasmitte i Gol - barnehagebarn sett i karantene

Ein barnehagetilsett har fått påvist koronasmitte.

– Prøva vart tatt måndag ettermiddag. Svaret kom seint i går kveld, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

– Liten risiko

Den koronasmitta er tilsett i Vesterhuset barnehage. Som følgje av den positive prøva er alle barn og tilsette i barnehagen no sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedkommande var på jobb dagen før utviklinga av symptom starta, og har sidan vore heime. Slik sett er det liten risiko for vidare smitte, seier Thurainayagam.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Etter at prøvesvaret kom har det blitt jobba intenst med smittesporing og varsling av dei som blir råka.

– Alle som har vore i nærkontakt med vedkommande får heimekarantene i 14 dagar frå siste kontakt, seier Thurainayagam.

Aning om smittekjelde

Barna i barnehagen er sett i karantene. Men karantenen gjeld ikkje foreldre og søsken.

– Dei blir tredje ledd, og har ikkje vore direkte eksponert, seier kommuneoverlegen.

Alle skular og barnehagar vart stengt før helga. Såleis har barnehagebarna vore heime sidan førre veke.

– Me er ikkje redde for vidare eksponering her, seier Thurainayagam, som meiner dei har god kontroll over situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når det gjeld smittekjelde for den smitta personen, seier kommuneoverlegen at dei har ei aning.

– Det kjem ikkje frå reise, men frå klyngesmitte.

Utover det kan han ikkje seie mykje, men han fortel at forholda for den smitta er stabil.

Førebyggar så godt dei kan

Gol har no fått svar på dei fleste innsende koronaprøver, og det ser bra ut.

– Det har ikkje vore mykje eksponering i vårt lokalmiljø. Men me er inne i ein fase der me ikkje veit så mykje enno, så me må berre følgje utviklinga vidare. Me gjer mykje førebyggande arbeid, og det fungerer bra.

Les også
Omfattande smittevern-tiltak i butikkane
Les også
– Mange har det verre enn meg