Dagleg leiar ved Geilo handelslag, Nina Helen Teigen Fagertveit, er glad for tiltakslista frå Miljøretta helsevern Hallingdal. - Alt som kjem av tilrådingar helsar eg velkomen, seier Fagertveit.

Omfattande smittevern-tiltak i butikkane

Butikkar og bensinstasjonar i Hallingdal tek koronagrep. Ved Handelslaget på Geilo tilbyr dei også utkøyring av varer.

Etter tilråding frå Miljøretta helsevern Hallingdal er det innført ei rekke smittevern-tiltak. Tysdag vart det sendt ut tiltaksliste til alle butikkar og bensinstasjonar i dalen. Ein del butikkar hadde alt sett i verk ulike tiltak, men dette er ei meir komplett liste, understrekar rådgjevar Line Aasli Moen ved Miljøretta helsevern Hallingdal.

Køyrereglar

— Lista er ikkje eit pålegg, men ei tilråding. Butikkane ynskjer køyrereglar. Både med tanke på å førebygge, men også fordi dei vil vere trygge. Det same gjeld kundane, seier Moen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kyrkja i Hallingdal utset årets konfirmasjon

Enkelt sagt skal alle matvarer som ikkje er innpakka fjernast, eller pakkast inn. Det gjeld frukt, grønsaker, nøtter, bakevarer og godteri. Vidare blir det lista opp tiltak som går på hygiene og reingjering. Og til sist, informasjonstips til butikkundane i form av skilting i butikklokala.

Smittevern-tiltak i butikker/bensinstasjoner

Miljøretta helsevern Hallingdal tilrår å;

Fjerne alt av smågodt og nøtter i lausvekt.

Kaffimaskiner bør bort. Kaffi bør serverast over disk der dette er mogleg.

Gjærbakst i lausvekt; Pakk kaker og bollar posar, for eksempel 1 og 1 eller 2 og 2. Merk talet tydleg.

Pakk brød i blanke plastikkposar, ta bort brødskjermaskin.

Ha frukt og grønsaker utan skal i blanke posar.

Fjern all unødvendig reklame og plakatar.

Tilby handsprit ved inn- og utgangsdøra, gjerne med pumpe.

Heng opp plakat med tekst: «Unngå å ta på varer du ikkje skal kjøpe».

Vask: handlevogner, handlekorger, handtak, dørhandtak til kjøle- og frysevarer. Desinfiser bankterminal, kasse, overflater fleire gonger dagleg.

Be kundane halde ei handlevogns avstand til kvarandre.

Plakatar og info i butikken om korona bør vera store med tydeleg skrift.

Kjelde: Miljøretta helsevern Hallingdal

Helsar velkomen

Ein av dei som helsar tiltakslista velkomen er dagleg leiar ved Geilo Handelslag, Nina Helen Teigen Fagertveit.

– Alt som kjem av pålegg og tilrådingar blir fylgd opp. Sjølvsagt vil me gjere vårt ytste for å hindre smittespreiing, understrekar Fagertveit.

– Å få smitte inn i butikken ville vore ein katastrofe for oss. Det ville ført til stenging, tapt omsetnad og kasting av store mengder matvarer. Tapet ville kome opp i mange hundre tusen kroner.

Varelevering

Geilo handelslag har i mange år tilbydd varelevering til pensjonistar og hyttefolk. Levering til pensjonistar er kvar fredag. Men no vil også mange andre ha dagleg varelevering. Det gjeld ikkje minst personar som sit i karantene.

— Alle som vil får varene på døra. Alternativt pakkar me og gjer varene klare for henting på rampa i butikken. Dette er eg sikker på vil auke på, trur Fagertveit.

Tilbodet er blitt møtt med masse godord. Frivillige har også tilbydd seg å køyre ut varene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hysteriet er over

I tillegg til å fylgje råda frå Miljøretta helsevern, har Geilo handelslag også gjort ei rekke andre tiltak. Mellom anna er kafeen i butikklokalet stengd. Det er sett ut hanskar til kundane. Og ein har lenge vore nøye med hygiene og reingjering.

— Torsdag og fredag i sist veke var det ville tilstandar. Folk hamstra som galne. No er det heilt annleis. Ja, ei nesten uverkeleg stemning i butikklokala. Hysteriet er over. Folk forstår alvoret. Og ingen treng bekymre seg for matmangel, forsikrar Fagertveit som støttar opp om alle koronatiltaka.

— Eg er sjeleglad for både dei nasjonale og lokale tiltaka, fastslår ho.

Slik skal du gå fram som kunde i butikken

Bruk kontaktlaus betaling når det er mogleg, som «tæpping» eller Vipps.

Hald ein meters avstand til tilsette og andre kundar.

Ikkje ta på andre varer enn dei du skal handle.

Følg generelle hygieneråd.

Er du i karantene, skal du som hovudregel ikkje oppsøke butikkar og kafear. Men dersom du er i mangel på andre alternativ, kan du gå ut for å gjera nødvendige innkjøp.

Kjelde: Helsedirektoratet

Butikksjef på Kiwi Hagafoss, Gunnbjørg Gravningsmyr, er oppteken av gode smittevern-tiltak.

Pålegg frå Kiwi sentralt

Også kollega og fungerande butikksjef Gunnbjørg Gravningsmyr ved Kiwi Hagafoss er oppteken av gode smittevern-tiltak.

I tillegg til sentrale pålegg og tilrådingar, kjem det mest dagleg pålegg frå Kiwi sentralt. Kiwi-leiinga jobbar tett opp mot sentrale styresmakter.

— Det er mykje å passe på om dagen for oss i butikkbransjen. No må alle innordne seg tiltaka. Det er det einaste som kan avgrense smittespreiinga, understrekar Gravningsmyr som også rosar kundane.

– Dei tek omsyn og er flinke til å halde avstand, både til andre kundar og dei tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bussjåfør og kunde på Kiwi Hagafoss, Ole Johnny Lie, meiner det er viktig å vere nøye med handhygienen.

Også bussjåfør Ole Johnny Lie som er ein av butikkens faste kundar er oppteken av å halde god avstand.

– Eg er bekymra sidan eg er i risikogruppa. Difor held eg meg unna folk. Dessutan sprayar eg hendene før og etter at eg har vore i butikken, fortel Lie som legg til at det har vore mykje tomkøyring på ruta Gol-Geilo dei siste dagane.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Fortener ros

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, rosar butikkane. Dei tek samfunnsansvar, fastslår kommuneoverlegen.

— Med desse tiltaka gjer dei eit svært viktig arbeid for å hindre smitten i å spreie seg. Samstundes utfører butikkane og bensinstasjonane ei viktig samfunnsoppgåve. Eg vil berømme både eigarar og tilsette. No må me andre gjere vårt så dei butikktilsette ikkje blir smitta, understrekar Strømmen.

Butikkmedarbeidar Tuva Røisgaard ved Kiwi Hagafoss er ikkje redd for å bli smitta. - Me følgjer alle pålegg og råd. Dessutan brukar eg antibac mange gonger gjennom dagen, fortel ho.
Les også
650 permitterte i Hallingdal
Les også
Sparar 25.000 på å avskilte drosjane