Desse fire testa golingar måndag denne veka. Frå venstre: Nina Østerhus, Bjørg Kjørkleiv Hoftun, Marry Viljugrein og Tora Berger.

Fleire nye koronasjuke i Gol

Kriseleiinga i Gol var svært spente på kva for prøvesvar dei ville få laurdag. Resultatet var både positivt og negativt.

Det gledelege er at skulen kan gå som normalt frå måndag. Kommunen valde å halde elevane heime fredag, etter at det torsdag dukka opp eit smittetilfelle knytt til skulesystemet.

Laurdag var smittesporingsgruppa kome såpass i mål med sporing av nærkontaktar at kriseleiinga kunne bestemme seg for gjenopning av skulen. Det er framleis enkelte som sit i karantene, men ikkje nok til at det er grunnlag for vidare stenging.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var nok lurt at me stengde skulen fredag. Ifølgje kommuneoverlegen var det eit sjakktrekk. Då fekk smittesporarane tid til å jobbe, seier ordførar Herbrand Jegleim.

Les også
Stenger Ål helsesenter i helga etter positiv prøve knytt til sjukeheimen

Det som derimot ikkje var like positivt, er at smittetalet i Gol fortset å auke. Også laurdag kom det inn fire nye smittetilfelle, og kommunen er no oppe i 31 koronasjuke. Det er eit høgt tal, som gjer at Gol er farga knallraudt på koronakartet.

Dei siste smittetilfella dreier seg alle om folk som alt sit i karantene, og dermed har smittesporingsgruppa god oversikt over nærkontaktar.

– Me føler me har grei kontroll no, seier ordføraren.

Fredag kom kriseleiinga med ni strenge koronatiltak i eit forsøk på å avgrense smittespreiinga best mogleg. Dei handla blant anna om å bruke munnbind på offentlege stader der det ikkje er mogleg å halde ein meter, og at innbyggarane i Gol bør halde seg mest mogleg i ro og ikkje reise over kommunegrensa meir enn strengt nødvendig.

– Det er viktig å hugse på at alle desse tiltaka framleis gjeld, seier Jegleim .

Samstundes som smitta fortset å utvikle seg i Gol, er det utfordringar også i Ål. Dei siste dagane har talet på smitta auka markant, og kommunen er førebels oppe i 12 koronasjuke. I Hallingdal for øvrig er det totale talet no passert 50.

Slik var smittesituasjonen klokka 17 laurdag:

Artikkelen held fram under annonsen.

Flå: 3

Nesbyen: 6

Gol: 31

Ål: 12

Hemsedal: 3

Hol: 2

Totalt 57 personar. I Nore og Uvdal er det ein smitta.

Les også
Gol skule vil ikkje uttale seg om situasjonen
Les også
Stenger Gol skule i dag - alle elevar er i karantene