Gol skule var stengt for elevar fredag.

Gol skule vil ikkje uttale seg om situasjonen

Etter forsøk på å kontakte leiing og lærarar ved Gol skule blir Hallingdølen henvist til ordførar i Gol, Herbrand Jegleim.

Gol skule blei fredag stengt for elevar. På skulen sat lærarar og informerte foreldre og elevar.

– Me hadde eit møte med kriseleiinga i går kveld, då bestemte me oss for å stenge skulen fredag. Dette gjer me for å kjøpe smittesporingsgruppa meir tid. Slik at dei får tid til å ringe folk og sjekke nærkontaktar, seier ordførar i Gol, Herbrand Jegleim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag var det mange som testa seg etter smitten på Nortura. Fredag morgon var det elevar ved skulen som skulle testast.

– Det er veldig mange som blir testa i dag. I går blei 60 personar testa, mange frå Nortura. I dag er det mange elevar og foreldre på test-stasjonen, seier Jegleim.

Informerer elever og foreldre

Lærarane er framleis på arbeid, og jobbar med å snakke med, og informere, foreldre og elevar.

– Lærarane er på skulen, men har fått beskjed om å sitje på pulten sin, og ha minst mogleg kontakt med andre, fortel Herbrand Jegleim.

Ordføraren veit ikkje om lærarane har skuletimar med elevane, men legg til at lærarane nok brukar mesteparten av tida si på å prate med elevane og foreldra for å forklare situasjonen.

– Smittesporingsteamet starta arbeidet i dag. Dei skal kartlegge elevane det kan gjelde, og kven dei har hatt kontakt med, seier Jegleim.

Held de framleis stengt om det blir meir smitte?

– Det veit me ikkje, så vidt me har skjønt så kan dette gjelde elevar i fleire klassar. Me skal ha møte seinare, og då vil smittesporarane ha gjort seg nokre erfaringar, og begynt å danne seg eit bilete av situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No er det ein del elevar som testar seg i dag, men me får ikkje svara før laurdag. Det blir ein spennande dag, seier ordføraren.

Gol skule: Lærarane Embrik Kaslegard (f.v), Eirik Fuglesteg Luksengard, Solveig Veslestølen, Mette Hole Tørrisplass og ordførar Herbrand Jegleim.

Gol skule vil ikkje uttale seg

Hallingdølen har gjort forsøk på å kontakte leiing og lærarar ved Gol skule, men ingen vil uttale seg.

– Me har fått beskjed frå rektor, om at det er ordføraren som skal svare på spørsmål som handlar om korona, fortel ein av lærarane.

Skuleleiinga ville heller ikkje uttale seg i saka, og henviste Hallingdølen til ordførar Herbrand Jegleim.