N/A: Geilo ski, alpin, havsdalen, hyttefelt

Hyttefolk reiser heim - men det går seint i Hol

I løpet av dagen tysdagen vart folketalet i Hallingdal redusert med 4000 personar.

Dei fyrste meldingane gjekk på at folketalet var redusert med 9000 i løpet av dagen. Dette vart korrigert dagen etter, til 4000.

Tysdag klokka 15.00 var samla folketal i Hallingdal 32.515. Klokka 09.00 var talet 36.618.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag morgon viste målingar same antal folk som tysdag ettermiddag:

Hol: 7773

Ål: 6529

Hemsedal: 4782

Gol: 6497

Nesbyen: 4805

Flå: 2407

Er tala riktige?

Hallingdølen har i løpet av dagen fått fleire spørsmål frå folk knytt til teljinga. Er tala korrekte? Blir det for eksempel også talt SIM-kort som sit i hytter som ikkje er i bruk? Tala bygger på registrering av talet på mobiltelefonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beredskapsrådgjevar Espen Bille-Larsen seier at tala ikkje berre inneheld fastbuande og hyttefolk. Målinga fangar også opp folk som er i Hallingdal av andre grunnar; sesongarbeidarar som ikkje har meldt flytting, handverkarar som er her på arbeid i kortare periodar, folk som er på besøk og som er på gjennomreise.

Les også
Nye tal: Stadig fleire reiser frå Hallingdal

– Det bur ca. 21.000 i Hallingdal. Målingane syner kor mange som er her i det øyeblikket målinga blir gjort, forklarar Bille-Larsen.

– Blir også SIM-kort, for eksempel i tomme hytter, teke med i teljinga?

– SIM-kort i installasjonar blir registrert, men merka med avvik og trekt frå i dei tala me går ut med, forklarar Espen Bille Larsen.

Kor mange på hyttene?

Det er uråd å spesifisere kven personane er og kva dei gjer her.

– Det kan godt vere pluss minus 200-300 i kvar enkelt kommune. Dette er ikkje millimetermåling. Det er heller ikkje det avgjerande. Me måler dette kvar dag heile året, og det er totalbiletet som er viktig. seier han.

Les også
Ber Heimevernet om hjelp til å få hyttefolket heim

– Men de kan ikkje slå fast kor mange av dei som er her som bur på hytte?

– Nei, det kan me ikkje. Poenget er likevel at i den situasjonen me er i, så er det for mykje folk i Hallingdal sett opp mot dei ressursane helsevesenet rår over. Sjølv om me ikkje kan fastslå talet på hyttefolk, så veit me det er mange. Ein rask køyretur i hyttefelt her i Hol fortel oss at det framleis er mange folk på hyttene. Det kan det ikkje vere no, seier Espen Bille-Larsen som viser til helseministeren som i dag presiserte behovet for at hyttefolk reiser heim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bent Høie sa at kommunane ikkje skal gi dispensasjon til hyttefolk som ber om å få bli. Slik situasjonen er no, skal hyttefolk reise heim, var bodskapen frå helseministeren.

Les også
Hyttefolket - coronavirus - helsetjenester i hallingdalkommunene
Les også
Svar til Knut H Knudsen