Endå ein bebuar ved Helsetunet har testa positivt

Fem personar knytt til Helsetunet i Gol er no bekrefta koronasmitta.

Tre av dei er tilsette, to er bebuarar. Det siste tilfellet vart kjent måndag.

– Det vart tatt ein test på ein av brukarane på grunn av symptomutvikling. Hurtigtesten slo ut positivt, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tilsett ved sjukeheim smitta: Alle bebuarar blir testa

Det første tilfellet ved Helsetunet vart kjent torsdag sist veke. Sidan då har både tilsette og bebuarar blitt testa fleire gonger.

– I dette tilfellet har nok smitta skjedd før tiltaka for å avgrense spreiing vart sett i verk. Det tek innimellom litt tid før symptoma dukkar opp, seier Thurainayagam.

– Fryktar de det kan kome fleire smittetilfelle blant bebuarane?

– Nei, etter melding om det første tilfellet har me sett i verk tiltak. Eit av dei er redusert kontakt. Slik sett er eg ikkje uroa for at det stadig vil kome nye tilfelle. Smitte som skjedde før tiltaka vart sett i verk er ikkje lett å få gjort noko med, seier han.

Dei andre bebuarane vil bli testa på nytt tysdag.

– Desse prøvene vil nok gi oss eit betre bilete av situasjonen. Me har jobba målretta her, og har trua, seier Thurainayagam.

Les også
28 smitta og blodraudt på smittekartet: Utbrot i skule og barnehage
Les også
Tilsett ved sjukeheim smitta: Alle bebuarar blir testa
Les også
Hotellet er selt etter bodrunde: – Det har vore god interesse