Gol fekk måndag sitt fjerde smittetilfelle dei siste vekene. Dette bilete er frå utbrotet i kommunen i fjor haust, så dei måtte gjennom massiv testing av innbyggarar. Frå venstre: Nina Østerhus, Bjørg Kjørkleiv Hoftun, Marry Viljugrein og Tora Berger.

Ny person koronasmitta i Gol: – Det er innreisesmitte

Den smitta kom frå utlandet, og testa seg ved ankomst på flyplassen.

Måndag kveld fekk kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam beskjed om at ein person som høyrer heime i Gol har fått positivt svar på koronatest.

– Det er snakk om innreisesmitte, seier kommuneoverlegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Testen vart tatt ved ankomst flyplassen sundag. Vedkommande køyrde rett heim og har vore i karantene sidan, seier Thurainayagam.

Den smitta har med andre ord ikkje vore i kontakt med nokon. Dei einaste nærkontaktane er familiemedlemmar, og kommunen har full kontroll på situasjonen.

– Nærkontaktane vil bli testa i løpet av veka, seier Thurainayagam.

Tilfellet er det fjerde i Gol dei siste vekene.

Les også
Her er alle dei lokale koronatiltaka i Hallingdal - sjekk din kommune
Les også
Skuffa over regjeringas korte varsel: – Eg er oppgitt