Det har roa seg i Hallingdal etter ei julehøgtid med mykje besøk i dalen. Mange av dei fastbuande har vore på reise andre stader i landet. I Hol har det vore opp mot 30.000 besøkande i kommunen. Dei neste vekene vil vise korleis smittesituasjonen blir i dalen etter jul- og nyttårsfeiringa.

Her er alle dei lokale koronatiltaka i Hallingdal - sjekk din kommune

Sundag kom regjeringa med nye, forsterka koronatiltak. Her får du ein oversikt over kva for lokale tiltak som gjeld i din kommune fram til 18. januar.

– Me ser dessverre fleire teikn til at ei ny smittebølgje kan vere på veg, sa statsminister Erna Solberg då ho innleia pressekonferansen klokka 18 sundag kveld. Deretter kom ho med nye påbod, forbod og anbefalingar som skal gjelde dei neste to vekene.

Her er dei nye nasjonale tiltaka

* Maksimalt fem personar på private samlingar utanfor heimen, som til dømes ein bursdag i eit leigd lokale. Om det er fleire enn fem i same husstand, kan sjølvsagt alle desse møtast.

* Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar osv. Likevel 200 personar om alle i publikum kan sitje i fastmonterte sete. I begravelsar kan det vere opp mot 50 personar.

* Nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangment.

* Særlege reglar for kyrkjevandring blir oppheva no i staden for 15. januar.

I tillegg har regjeringa følgjande anbefalingar dei neste to vekene:

* Unngå å ha gjestar i heimen, og vent i 14 dagar med private besøk. Unntak for nødvendige heimenteneste og besøk hjå personar som er i livets siste fase. Dei som bur aleine kan ha besøk eller gå på besøk med ein til to faste vener, eller til ein fast husstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.

* Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs er anbefalt utsett til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klassar/korhortar. Utandørs aktivitetar kan gjennomførast om det er mogleg å halde god avstand.

* Unngå alle nødvendige reiser i inn- og utland. Opphald på hytte med personar frå same husstand er greitt, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld.

* Alle kjøpesenter og butikkar bør innføre avgrensing i tal på personar i lokalet, slik at det er mogleg å halde avstand.

* Alle vidaregåande skular og ungdomsskular går over til raudt nivå.

* All undervisning og planlagte arragement ved universitet, høgskular og fagskular blir digitale fram til 18. januar.

* Heimekontor for absolutt alle som har moglegheit for det.

Artikkelen held fram under annonsen.

På bakgrunn av det som kom frå regjeringa har kriseleiinga i dei ulike kommunane i Hallingdal samla seg for å lande lokale tiltak.

Desse varierer noko frå kommune til kommune, men i faktaboksane under får du heile oversikten:

Koronatiltak i Ål

* Vidaregåande og Ål ungdomsskule skal drivast på raudt nivå. Det er ikkje det same som at det er stengt, men at det blir heimeundervisning i kombinasjon med skule. Munnbindpåbodet gjeld alle over 12 år, det vil si ungdomsskulen.

* Barneskulane og barnehagane har vanleg gult nivå. Det blir ikkje heimekontor for tilsette i skular og barnehagar.

* Idrettshall og basseng: Kan brukast av barnehagar og barneskular på gult nivå, med skjerpa rutinar i garderobane.

* Vaksenopplæringa: Raud beredskap. Heimeundervisning for dei som er i klasse med høgt nivå, elles undervisning og munnbindpåbod.

* Kulturskulen: Digital heimeundervisning i to veker.

* Heimekontorløysing for dei som kan jobbe like godt heimanfrå, etter avtale med leiar. Dette gjeld ikkje avdelingsleiarar i institusjonar.

* Tingstugu: Stengt, men kan ta i mot besøk.

* Dagsenter/varmestugu: Held ope, med inntil 10 brukarar.

* Idrettshall kveldstid og offentleg bading: Stengt i to veker.

* Ål kulturhus: Biblioteket kan halde ope med avgrensa tal på besøkande, kino blir stengt i to veker.

* All fritidsaktivitet innandørs: Stengt i to veker.

* Frivilligsentral: Vaksendans blir avlyst i to veker.

* Det er framleis påbod om munnbind i det offentlege rom, der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand.

* Besøk på institusjonar: Streng besøkskontroll (1-2 nærkontaktar).

Koronatiltak i Gol

* Kommunehuset er stengt for besøkande.

* Møte og kurs i kommunal/offentleg regi skal vere på digitale plattformer. Det skal ikkje gjennomførast reising.

* Heimekontor for dei som kan jobbe like godt heimanfrå. Avtale skal gjerast med leiar.

* Vidaregåande og ungdomsskule blir drive på raudt nivå. Det er ikkje det same som at det er stengt, men at det blir heimeundervisning i kombinasjon med skule.

* Vaksenopplæring: Raudt nivå, heimeundervisning der det er mogleg.

* Barneskule og barnehage har vanleg gult nivå.

* Kulturskulen: Digital heimeundervisning.

* Idrettshall på kveldstid, og offentleg bading: Stengt fram til 18. januar. For skulen gjeld eigne retningsliner.

* Alle fritidsaktivitet innandørs: Stengt fram til 18. januar. Eigne retningsliner for skulen.

* Organisert fellestrening, inkludert fysioterapi: Stengt fram til 18. januar.

* Ungdomsklubben: Stengt til 18. januar. Det same gjeld Frivilligsentralen.

* Biblioteket: Avgrensa tal på besøkande.

* Innandørsaktivitet i regi av Friskliv: Utsett fram til 18. januar.

* Besøk på institusjonar: Stengt for besøk til 18. januar.

* Omsorgsbustader: Avgrensa tal på besøk (1-2 nærkontaktar).

* Dagsenter: Opent for inntil 10 personar.

* Heimehjelp: Hjelp til husvask og stell av hus blir ikkje gjort fram til 18. januar.

Koronatiltak Hol

For lag, organisasjonar og private:

* Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs blir utsett til etter 18. januar.

* Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klassar/kohortar.

For næringslivet:

* Alle kjøpesenter og butikkar skal ha avgrensingar i tal på besøkande og adgangskontroll, slik at det er mogleg å halde forsvarleg avstand.

* Ein til ein-behandling skal framleis skje med forsterka smittevern, med munnbind på behandlar og kunde, samt berre ein person om gongen i behandlingsrom.

For eigne aktivitetar i kommunen:

* Ungdomsskule og vidaregåande skule innfører raud beredskap. Kulturskulen går over til digital undervisning.

* Framleis adgangskontroll ved legesenter. Legetime eller koronatesting må vere avtalt over telefon i forkant.

* Framleis streng besøkskontroll ved helseinstitusjonane. Berre nødvendig besøk er tillate etter avtale.

* For miljøterapiavdelinga vil «Huset» halde opent for inntil ti personar, med strenge smittevernrutinar.

* Kino er stengt.

* Kommunehuset og servicetorget er stengt.

Koronatiltak Hemsedal

* Tilsette i Hemsedal kommune som kan ha heimekontor, skal ha heimekontor.

* Skulebarn skal ha fysisk oppmøte, og det er verksett skjerpa gult og raudt nivå. Det same gjeld barnehagane.

* Organisert fritidsaktivitet innendørs blir avlyst til og med 18. januar i fyrste omgang.

* Organisert fritidsaktivitet utandørs blir stoppa inntil nærmare avklaring.

Koronatiltak Nesbyen

* Framleis påbod om munnbind i det offentlege rom.

* Kommunehuset er stengt for besøkande. Hallingdal tingrett er berre opent for besøk som er avtalt.

* Barne- og ungdomsskulen: Elevar møtar som vanleg. Barneskulen følgjer gult beredskapsnivå, ungdomsskulen raudt.

* Barnehagane er opne og følgjer gult nivå som før.

* Kulturskulen har avgrensa aktivitet til og med 18. januar.

* Skuleskyss: Ungdom over 12 år skal bruke munnbind på bussen.

* Idrettshallen er stengt fram til og med 18. januar.

* Ungdomsklubben er stengt i same periode.

* Kino er stengt fram til og med 18. januar.

* Svømmehallen er stengt for offentleg bading til og med 18. januar.

* Biblioteket er opent for utlån og innlevering, men ingen arrangement.

* Utlånsbua er open for utlån og innlevering.

* Friskliv kan halde fram med utandørsaktivitet.

* Frivilligsentralen bør vente med fysiske møte.

* Ingen endring i besøksreglar på sjukeheimen.

* Dagsentra har alt veldig strenge reglar og vil fortsetje som før.

* All innandørs aktivitet er stoppa fram til og med 18. januar.

* Det er ikkje anbefalt å ha fysiske møte verken for lag/foreiningar eller i arbeidslivet. Mest mogleg digitalt.

* Heimekontor er anbefalt for kommunalt tilsette der det er mogleg.

* Forbod mot skjenking av alkohol.

* Butikkane må halde kontroll på kor mange personar som er inne.

Koronatiltak Nore og Uvdal

* Framleis stengt kommunehus.

* Interkommunale kulturtilbod blir avlyst.

* Dagaktivitet for ulike brukargrupper blir avlyst.

* Ungdomsskulen skal ha ein heimedag per veke. Tar i bruk større lokalar for å gjennomføre undervisninga på forsvarleg vis. For ungdomsskulens del vil Rødberghallen bli tatt i bruk frå 05.01.21.

* Samfunnshus, kommunale bygg, svømmehall og behandlingsbasseng blir ikkje leigd ut.

* Ungdomsklubben er stengt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Koronatiltak Flå

* Ungdomsskulen går over på raudt nivå, med oppmøte på skulen 5. januar.

* Sterk oppmoding om heimekontor fram til 18. januar.

* Ursus treningssenter er stengt fram til 18. januar.

* Kommunehuset er stengt for besøk.

* Ungdomsklubben er stengt.

* Utlån av møterom på Veksthuset og andre kommunale bygningar er stengt til 18. januar.

* Thon hallen og svømmehall er stengt. Men hallen og bassenget kan brukast av barnehage og barneskulen på gult nivå, med skjerpa rutinar.

* Besøk på Flåheimen har skjerpa besøkskontroll, berre 1-2 nærkontaktar.

* Bibliotek og Utlånskroken er opne, med skjerpa besøkskontroll.

Påbod om munnbind

Alle kommunar i Hallingdal har bestemt at påbodet om bruk av munnbind blir forlenga til 18. januar.

Det betyr at du skal bruke munnbind på offentlege stader der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand. Dette er berre eit tillegg til dei vanlege reglane for smittevern, ikkje ei erstatning.

Må hindre spreiing

Ål var tidleg ute med å presentere lista over nye og oppdaterte tiltak sundag kveld.

– Me vart av regjeringa sterkt oppmoda til å vere med på ein nasjonal dugnad. Me har ikkje ny smitte i Ål, så det kan kanskje verke lite motiverande å ta dette på alvor. Men det viktig at me gjer nettopp dét, seier ordførar Solveig Vestenfor.

Ho er ikkje i tvil om at det er viktig at alle er nøye med å følgje både nasjonale og lokale tiltak i vekene som kjem.

– Folk har vore mange stader i jula, og møtt mange. No handlar det om å hindre smitte i å spreie seg. Det alvoret som no er formidla frå sentrale styresmakter må me ta på alvor. Me har blitt gode på å ta felles løft, og me må vere flinke ei stund til, seier ho.

Lys i enden av tunnelen

Vestenfor minner om at vaksinen no er nær, at det berre er snakk om dagar før dei første dosane blir sett.

– Dei neste to vekene må me vere grådig flinke. Erna og co. har tru på at dette er eit viktig verkemiddel, at heile landet no stenger ned. Slik har me ein moglegheit til å kome vidare til neste fase, som er vaksinering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er med andre ord berre å bite tenna saman, enno litt til.

– Alle er drit lei no. Likevel er det utruleg viktig å gjere noko no, slik at dette ikkje varer endå lenger. Dette skal me gjere så folk kan føle seg trygge. Ingen skal vere redde, me skal berre vere kloke, seier ordføraren.