Dette biletet er frå koronatesting i Gol tidlegare i år.

Ny person koronasmitta i Gol: - Det var venta

Det ferskaste tilfellet har samanheng med dei positive prøvane som Gol har hatt dei siste dagane.

– Testen vart tatt onsdag, svaret kom i dag, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.

Les også
Har framleis antistoff i kroppen

For fire dagar sidan fekk Gol den første positive prøva på ei god stund. Tysdag kom det endå eitt, og julaftan altså eit tredje. Alle desse har samanheng.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedkommande som vart bekrefta i dag har vore i nærkontakt-karantene og deretter utvikla symptom, så dette var venta, seier Thurainayagam.

Les også
No kjem vaksinen - så mange dosar får kommunane i Hallingdal

Han seier vidare at alle smitteverntiltak derfor alt er gjennomført.

– Det er god kontroll, og ingen fare for vidare utvikling. Dette tilfellet får ingen følgjer, seier kommuneoverlegen.

Les også
Interessante funn om antistoff