SkiGeilo Utvikling lanserer planane kalla SkiGeilo Lodge - The Slope. Prosjektsjef Robert Brunvoll (t.v.), styreleiar Arne Pålgardhaugen i SkiGeilo Utvikling og rådgjevar Helge Otto Mathisen seier satsinga kan vere den største utbygginga i Hallingdal nokon gong.

Ei av dei største utbyggingane nokon gong - skal investere éin milliard: – Dette er det ingen som kan slå

SkiGeilo Utvikling tråkkar gassen i botnen og lanserer eitt av dei største utbyggingsprosjekta i Hallingdal nokon gong. Det har fått namnet «SkiGeilo Lodge - The Slope».

Over dei neste åra skal selskapet investere eit milliardbeløp for å styrke heilårsturismen. Med «SkiGeilo Lodge - The Slope» er også realiseringa av det store reiselivsområdet i Vestlia i gang.

– Geilo er i ein unik posisjon. Dette konseptet er det ingen som kan slå, seier styreleiar og eigar Arne Pålgardhaugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Milliardplan

Hallingdølen møter Pålgardhaugen, rådgjevar Helge Otto Mathisen og prosjektsjef Robert Brunvoll fredag morgon. Ved alpinanlegget i Vestlia skal den store parkeringsplassen fyllast av gjester heile påska. Men om nokre år skal plassen forvandlast til det som er kalla «SkiGeilo Lodge - The Slope».

SkiGeilo Lodge - The Slope. Slik kan baseområdet blir sjåande ut når alle seks byggetrinn er ferdig. Skissa er laga av Geir Odd Målsnes, Sivilarkitekt i LINK Arkitektur AS. Vestlia Resort ligg til høgre.
Om nokre år kan denne parkeringsplassen har vorte bygd ut til ein komplett resort. Parkering skal då vere under bakkeplan.

Skissene dei viser fram inne i restauranten ved skianlegget, viser dimensjonane på det som skal bli ein komplett resort. Bakkeplan skal hevast til same høgda som skiheisane ligg på i dag. Gjennom anlegget blir det lagt turkorridor som blir preparert for ski vinterstid.

Fullt utbygd etter seks byggetrinn skal det vere kring 350 leilegheiter med 1800 senger.

Det er ei av dei største utbyggingane innan reiseliv i Hallingdal nokon gang. Kan hende også den største.

– Den totale prislappen?

– Fullt utbygd og utnytta, pratar me om éin milliard, seier dei.

SkiGeilo Lodge - The Slope

* Leilegheiter tilpassa utleigemarknaden.

* Her blir det skiskule, butikk og skiutleige. Spa, restaurant, kafé, bar og aktivitetsareal.

* Skiarena i lik høgde frå heisen med ei skigate gjennom anlegget.

* Parkering under bakken.

Les også
Rekordbesøk hjå skianlegga: – Me har henta inn tapet frå pandemien

Internasjonal marknad

Utbygginga skal skje i det som er hjartet i det som er kalla Vestlia reiselivsområde. I 2021 vart områdeplanen vedteken i kommunestyret. I lengre tid har det vorte arbeidd med dei nye planane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudmålet er å trekke fleire gjester i midtvekene året rundt og alpine gjestedøgn.

– Tida er inne for å auke talet på internasjonale turistar, seier Mathisen.

For etter at Geilo Holding AS, med Pålgardhaugen og Ivar Tollefsen som eigarar, kjøpte alpinanlegget i mars 2017, har det vorte investert over 200 millionar i alle delar av anlegget. Kapasiteten er heva og anlegget kan ta imot langt fleire gjester enn det dei har i dag.

Styreleiar Arne Pålgardhaugen i SkiGeilo Utvikling (t.v.), rådgjevar Helge Otto Mathisen og prosjektsjef Robert Brunvoll fortel om dei store planane i Vestlia.

– Alpinanlegget vårt er i toppklassen. Interessa for alpint og Geilo er stigande. Då må me få fleire turistar inn og fylle opp sengene med gjester, seier Pålgardhaugen.

Mathisen er tidlegare konserndirektør i Color Line og har flytta til Geilo. No er han tilsett som rådgjevar i SkiGeilo Utvikling. Etter over 20 års arbeid med internasjonale turisme, er han ikkje i tvil om potensialet.

– Marknaden vil ha dette. Anlegg som dette, er noko internasjonale turoperatørar spør etter. Geilo manglar dei rette varme sengene for å hente gjester i vekedagane året rundt frå den internasjonale marknaden i særleg Sverige, Danmark, Tyskland og Nederland. Derfor skal satsinga på Geilo Booking styrkast.

SkiGeilo Utvikling

* SkiGeilo Utvikling AS er saman med SkiGeilo AS to av dotterselskapa til Geilo Holding AS.

* Arne Pålgardhaugen er eigar og styreleiar i Geilo Holding.

* Selskapet er igjen eigd av Kikut Eiendom AS og Pålgardhaugen og Ivar Tollefsen-eigde Fredensborg Fritid AS.

Les også
Vann for fjerde året på rad: Dette er Norges beste skidestinasjon

Mindre biltrafikk

I arbeidet med det nye prosjektet er det lagt stor vekt på grøn infrastruktur. Nærleiken til sentrum og jernbanestasjonen er eit fortrinn knapt andre destinasjonar har. Dette skal dei utnytte for alt det er verd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikksituasjonen i bygda er analysert og målet er at biltrafikken skal reduserast ytterlegare. I dag går tre skibussar med opp mot 2000 gjester dagleg mellom alpinanlegga. Dette tilbodet skal styrkast.

Utbygginga skal skje på det som i dag er ein stor parkeringsplass.

– Ved å bygge her, brukar me ikkje urørt natur, seier Mathisen.

SkiGeilo Utvikling satsar stort. Frå venstre prosjektsjef Robert Brunvoll, rådgjevar Helge Otto Mathisen og styreleiar Arne Pålgardhaugen.

Pålgardhaugen seier dei med den nye satsinga tek eit steg vekk frå einsidig sal av fritidsbustader til «framtidsretta turisme med utleigesenger».

– Dette vil gi grunnlag for framtidig drift og utvikling av alpinanlegg, sommarpark og aktivitetsbaserte næringar med arbeidsplassar. Og ikkje minst vil det auke grunnlaget for vidare bedriftsutvikling i Hol.

I tillegg vil selskapet omregulere seks mål i Vestlia frå fritidsbustader til leilegheiter for fastbuande. Fullt utbygd kan det bety 200 leilegheiter for sesongarbeidarar, unge etablerarar og innflyttarar.

Les også
Innførte avgift for å redusere biltrafikk: – Folk har rett ut kalla det grønvasking

– Vekst skapar vekst

Brunvoll, Mathisen og Pålgardhaugen seier utbygginga krev av planane for området må justerast og tilpassast dagens behov. Men endringsforslaget, som skal gjennom Hol kommune for godkjenning, er interessant. Her vil dei nemleg gå vekk frå kalde senger til fleire varme.

Prosjektsjef Robert Brunvoll (t.v.), styreleiar Arne Pålgardhaugen og rådgjevar Helge Otto Mathisen.

– Det gjer me for å sikre fleire gjester og styrke heilårsturismen, seier dei, og meiner dette vil kome heile kommunen til gode.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil vere med på å bidra til at alle får fleire gjester. Erfaring frå mellom anna Åre i Sverige viser det. Ingenting tyder på at nokon vil tape på denne utbygginga. Det er det motsette som kjem til å skje. Vekst skapar vekst.

– Når kan det bli byggestart?

– Teoretisk kan det skje etter sesongslutt i 2024, seier Pålgardhaugen.

– De er ikkje skremt av pandemi og det siste årets prisvekst på straum, drivstoff og rentehevingar?

– Ein kan bli skremt av slikt. Men me har alltid brukt kriser og nedgangstider til planlegging og tenke annleis. Skal kriser vere førande, kan me berre låse døra.