Geilo er kåra til landets beste skidestinasjon for fjerde år på rad.

Vann for fjerde året på rad: Dette er Norges beste skidestinasjon

Geilo er nok ein gong kåra landets beste skidestinasjon.

Det er fjerde året på rad vinn Geilo prisen som «Noway's Best Ski Resort». Kåringa skjedde i den austerrikske alpelandsbyen Kitzbühel.

– Utruleg artig å få denne prisen for fjerde år på rad. Det viser at Geilo held fram med å utvikle seg i rett retning», seier styreleiar i Visit Geilo, Roger Espeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hardt arbeid

Reisebyrå, turoperatørar og publikum frå heile Europa har stemt fram Geilo til tittelen. Sion Rapson er adm. direktør i World Ski Award i Austerrike. I ei pressemelding gratulerer han Geilo med prisen, og seier World Ski Award er rekna som den ultimate prestasjonen innan gjestefridom.

– Me gratulerer heile teamet for det harde arbeidet, engasjementet og arbeidet med stadig å heve standarden.

Espeli peikar på samarbeidet mellom aktørane «med kvalitet i alle ledd» som ein suksessformel.

– Geilo har kome sterkt tilbake som ein av dei beste destinasjonane dei seinare åra.

Les også
– Me sit her for å finne løysingar på korleis næringslivet kan overleve

Leiande posisjon

Også i SkiGeilo er det jubel. Ved inngangen til ein ny sesong, er dette ei vitamininnsprøyting.

– Dette er ein lagsiger, ikkje berre for oss, men for heile bygda og kommunen, seier dagleg leiar Kevin Eikrehagen.

SkiGeilo har investert stort for å utvikle og ruste opp alpinanlegga siste åra.

– At me blir stemt fram som «Norway’s Best Ski Resort» for fjerde gong, tolkar eg som at me når dei høge måla våre, og at Geilo har teke tilbake sin posisjon som ein av Norges leiande alpindestinasjonar, meiner Eikrehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under kåringa vart i tillegg Havsdalsgrenda kåra til beste chalet, ein pris dei har vunne mange gonger tidlegare.

Les også
Ål-politikarane har bestemt seg - slik blir straumstøtta etter nyttår
Les også
Mange hytteeigarar fortvila - gjer det dei kan for å leige ut hytta
Les også
HFK-trenaren boikottar VM: – Meisterskapen er bygd på blod og tårer