SkiGeilo tek betalt for parkering i Vestlia. Målet er å få fleire til å bruke skibussane som går mellom anlegga i bygda.

Innførte avgift for å redusere biltrafikk: – Folk har rett ut kalla det grønvasking

1. desember innførte SkiGeilo parkeringsavgift i Vestlia. Reaksjonane har mildt sagt vore blanda.

Dagleg leiar Kevin Eikrehagen har lagt merke til ein del krasse tilbakemeldingar i sosiale medium, men seier dei ikkje har fått så mange av desse direkte til selskapet.

– Folk har rett ut kalla det grønvasking. Men det kan eg stå i. Eg veit kva for langsiktige planar me har. Me har tru på at Geilo er ein destinasjon som kan legge til rette for minimal bilbruk. Det må me tørre å satse på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil vurdere avgifter

Hallingdølen skreiv torsdag om Hol Venstres forslag om å greie ut parkeringsavgifter i Geilo sentrum. Målet er å redusere biltrafikken, men temaet er førebels lagt politisk dødt etter at eit stort fleirtal i kommunestyret sa nei.

Kevin Eikrehagen er dagleg leiar i SkiGeilo.

Eikrehagen meiner utspelet frå Venstre er spennande. SkiGeilo innførte avgift på parkeringsplassane i Vestlia 1. desember. Eitt mål er færre bilar i sentrum.

For SkiGeilo kostar det totalt 4,8 millionar kroner å drifte parkeringsplassar og dei tre skibussane gjennom sesongen. På dei travlaste dagane brukar 600 skigjester bussane. Inntektene frå parkeringsavgiftene skal gå til å utvikle busstilbodet endå meir.

I Geiloheisen er det 100 gratis parkeringsplassar.

Men avgjerda har sett kjenslene i sving hjå mange.

– Det er ikkje vanleg å ta betalt for parkering i Hallingdal. Men betalt parkering demotiverer til bilbruk og får folk til å tenke alternativt, seier Eikrehagen.

– Korleis har det fungert så langt?

– Det er dessverre ikkje slik at me treff på alt. Det har vorte underkommunisert at parkeringa ved Geiloheisen er gratis, som betyr at 100 av 1000 plassar er gratis. Det har ikkje alle fått med seg. Det står kamera også her, men det er for å telje trafikk.

Les også
Vil vurdere bompengar i sentrum: – I høgtidene er det for mange som tek bilen
Les også
Klart nei til «bomring»: – Ideen er god, men toler ikkje møtet med verkelegheita

Mange innspel

Eikrehagen seier tilbakemeldingane har vore mange, men langt frå alle er negative. Konstruktive innspel har ført til at nye løysingar er vurdert. Eikrehagen trekkjer fram eitt eksempel på noko som ikkje fungerte frå start:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk som står på dugnad i renn i bakken skal ikkje betale parkering. Det er retta opp.

Kritikarane hevdar det også blir dyrt i lengda, og det er peika på at skibussane berre køyrer mellom anlegga og ikkje plukkar opp skikøyrarar andre stader i bygda.

– Det er feil. På morgonrutene tek bussen til Havsdalen med seg Jonstøllie, Timrehaugvegen og Furutoppen og forbi Bardøla. Ein buss går frå Øen, som tek med seg Bakkenfeltet, Furusethvegen og langs Rv7. Ein buss køyrer innom Stakkestø i Vestlia. Det er vestover, mot Fossgårdfeltet og Såballia, me har dårleg dekning i dag.

Trafikken har ikkje gått ned etter at SkiGeilo innførte avgift på parkeringsplassen i Vestlia.

– Ikkje kynisk grep

Betre kollektivdekning må kome i neste steg, meiner Eikrehagen.

– Men då må me også ha med fleire på laget for å utvikle dette vidare.

– Både næringsdrivande og politikarar fryktar skigjester vil parkere i sentrum for å sleppe å betale i Vestlia?

– Tilbakemeldingar til oss har gått på at det vil bli parkering langs vegane på Kikut og mot Vestlia. Det har ikkje skjedd. I dag (onsdag) hadde me 5200 gjester. Men viss det skjer, må me ta tak i det og gjere nødvendige grep.

Årets trafikk er så langt på same nivå som fjoråret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg synest det flyt bra i Vestlia, Kikut og i Havsdalen. Me har ikkje hatt problem parkering så langt.

Til kritikarane seier også Eikrehagen:

– Det er ikkje slik at dette var eit kynisk grep som handla om meir pengar i lomma. Dette er ein overliggjande strategi om mindre bilbruk på Geilo.

Les også
Her vil hytteeigarar og kommune sette ned fartsgrensa: – Stor risiko for uhell

– Spennande

Eikrehagen meiner det er interessant at kommunestyret drøfta bilbruk og trafikk i siste møte før juleferien. Venstre foreslo utgreiing av parkeringsavgifter og Høgre-representant Hanne Haatuft trekte fram mogleg satsing på ein landsbybuss.

Mange nyttar skibussane. Fleire hundre tek bussane kvar dag.

– Spennande. Det er første gong eg har høyrt kommunestyret diskutere mobilitet. Akkurat korleis dette skal finansierast, skal ikkje eg legge meg bort i, seier Eikrehagen om landsbybussen.

SkiGeilo brukar i overkant av tre millionar kroner på skibussane kvart år. Men skal Geilo få eit betre kollektivtilbod, må nye ruter opprettast.

– Det er ei utfordring til andre aktørar i kommunen. Viss resten av kommunen, med næringsliv og alt, hadde samla seg om å matche våre tre millionar, ville me ha kome langt med eit tilbod året rundt. Geilo har ei unik moglegheit til å ta ein leiande posisjon i Norge med satsing på mobilitet og meir kollektivtransport. Då kan folk ta toget og ta buss rundt omkring i sentrum og opp på fjellet.

Les også
– Peik ut område som er urørte og sei at «her stoppar me»
Les også
Hytteutbyggar ikkje skremt: – Eg ser ikkje mørkt på det
Les også
Nektar å la kostymelageret døy: – Det er ein ny giv