Styreleiar Arne Pålgardhaugen (t.v.) i SkiGeilo Utvikling, rådgjevar Helge Otto Mathisen og prosjektleiar Robert Brunvoll lanserer store bustadplanar i Vestlia.

Droppar ferieleilegheiter, bygger for fastbuande: – Garantert ein attraktiv stad

Geilo skrik etter nye bustader. No gjer SkiGeilo Utvikling eit uvanleg grep for å vere med på å løyse krisa.

Selskapet vil vurdere å omregulere seks mål i Vestlia frå fritidsbustader til leilegheiter for fastbuande. Fullt utbygd kan det bety 200 leilegheiter for til dømes sesongarbeidarar, unge etablerarar og innflyttarar.

– Hol kommune har som mål å nå 5000 innbyggarar innan 2030. Då trengst det bustader, seier styreleiar Arne Pålgardhaugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Milliardprosjekt

Bustadfeltet er planlagt som ein del av den store utbygginga av reiselivsområdet i Vestlia. Som Hallingdølen omtala laurdag, skal SkiGeilo Utvikling over dei neste åra investere eit milliardbeløp for å styrke heilårsturismen.

Der det i dag er parkeringsplass ved skisenteret i Vestlia, eit område som alt er ferdig regulert til fritidsformål, er planen å bygge «SkiGeilo Lodge - The Slope». Fullt utbygd i seks byggetrinn, vil det gi kring 350 nye rom og 1800 senger. Våren 2024 er ein mogleg oppstartsdato.

Med den nye satsinga tek selskapet eit steg vekk frå einsidig sal av fritidsbustader til «framtidsretta turisme med utleigesenger».

– Dette vil gi grunnlag for framtidig drift og utvikling av alpinanlegg, sommarpark og aktivitetsbaserte næringar med arbeidsplassar. Og ikkje minst vil det auke grunnlaget for vidare bedriftsutvikling i Hol, sa Pålgardhaugen til Hallingdølen laurdag.

Les også
Ei av dei største utbyggingane nokon gong - skal investere éin milliard: – Dette er det ingen som kan slå

Uvanleg grep

Men no vil selskapet også vurdere utbygging av bustader i det store området som omfattar områdeplanen.

– Me har fått kraftige, politiske signal om dette. «Kva gjer de?», har spørsmålet vore, seier Pålgardhaugen, og meiner det har vore ein forventning om at dei skal vere med på å bidra.

Styreleiar Arne Pålgardhaugen i SkiGeilo Utvikling har stor tru på leilegheitsplanane. - Garantert ein attraktiv stad, meiner han om tomta.

Svaret er dette:

– Me har kome fram til at me tek eitt av dei beste områda i Vestlia og vil endre dette frå fritidsbustader til bustadformål. Det skjer på akkurat same måte som arealet ved skisenteret blir endra frå fritidsbustad til næring. Alt blir ikkje bygd på ein gong, men det kan utviklast opp mot 200 leilegheiter her. Me vil vurdere det, og er innstilt på å gjere det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei uvanleg endring å gå vekk frå fritidsbustader og heller satse på leilegheiter for fastbuande?

– Ja, og eg trur ikkje noko slikt har skjedd før.

Les også
Fjernar bly og tungmetall: - Truleg den største sentrumsnære miljøoppryddinga som er gjennomført

Treng leilegheiter

Pålgardhaugen legg fram planane saman med rådgjevar Helge Otto Mathisen og prosjektsjef Robert Brunvoll. Dei seier ei av inspirasjonskjeldene er Karibyen på Voss. Området ligg høgt oppe i lia med kort veg til sentrum, natur og skule.

Dei seier utbygginga som er på trappene vil utløyse stort behov for bustader til eigne tilsette. I tillegg vil leilegheitene vere attraktive for unge i etableringsfasen og tilflyttarar.

Og det er akkurat dette Hol skrik etter. Siste året har det vorte tydeleg at kommunen har for få hus, men særleg leilegheiter, å tilby. For der Gol i dag har 188 leilegheiter og stadig bygger ut, har Hol 80.

Temaet har vorte teke opp politisk fleire gonger siste året, og seinast i fjor haust sa HR-sjef Kent Emil Johansen at Hol kommune rett og slett tapar kampen om arbeidskraft på grunn av bustadmangel.

– Attraktiv tomt

Eit nytt bustadfelt i Vestlia kan vere med på å løyse krisa. Men både utbygginga av den nye resorten i Vestlia og det nye bustadprosjektet, krev at planane for området må justerast og gjennom Hol kommune for godkjenning.

I SkiGeilo Utvikling har dei tru på at det skal gå i orden. Og dei er ikkje i tvil om at dette er eit spennande prosjekt dei har stor tru på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er garantert ei attraktiv tomt, seier Pålgardhaugen.