Den gamle skytebanen i Vestlia på Geilo blir sanert. Gravemaskiner er i gang med å grave ut forureina masse.

Fjernar bly og tungmetall: - Truleg den største sentrumsnære miljøoppryddinga som er gjennomført

Ni år etter at det siste skotet vart fyrt av på skytebanen på Geilo, er oppryddinga av området i gang.

I sommar har SkiGeilo Utvikling starta eit krevjande og stort arbeid i Vestlia. Etter nærmare 100 år som skytebane ligg det fleire tonn med forureinande patronhylser og prosjektil på det store området på 43 mål.

– Dette er truleg den største sentrumsnære miljøoppryddinga som er gjennomført i Hol og Hallingdal, trur Ole K. Kristiansen i SkiGeilo Utvikling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktivitetsområde

Området er sentralt i områdeplanen for Vestlia, som dei neste tiåra legg opp til stor utbygging leilegheiter, ny infrastruktur og løyper. Alt i år 2000 vart dette området avsett til reiseliv og aktivitetsområde av Hol kommune, men det tok enno 13 år før skytebanen vart lagt ned og ytterlegare ni før oppryddingsarbeidet kunne starte.

Etter nesten 100 år med skytebane ligg det restar av mange patronar i grunnen. Oppryddinga er ein krevjande jobb.

Tiåra som skytebane gjort området forureina. Og før gravemaskinane kan sette skuffane i jorda og utbygginga kan starte, må forureinande tungmetall fjernast. Hausten 2014 var miljørådgivarar frå Forsvarsbygg AS i Vestlia for å ta jord- og vassprøver. Jordprøvene er analyserte for bly, kopar, sink og antimon, og det vart registrert høge verdiar i skivevollar, kulefang og forhøgningar i terrenget.

– Etter kvart tok Geilo Holding over prosjektet med prosjektleiing og kostnader, og det vart utarbeidd ein fullstendig sluttrapport med geomerkt kategorisering av all forureining, seier Kristiansen.

SkiGeilo Utvikling AS

* Eigd 100 prosent av Geilo Holding AS, der Arne Pålgardhaugen og Ivar Tollefsen eig 50 prosent kvar gjennom selskapa Kikut Eiendom og Fredensborg Fritid.

* Oppretta i 2021, og selskapet skal realisere fleire store planar neste åra.

* Blant dei store prosjekta er: Nye Geilo Taubane, grøn transport og mobilitet, infrastruktur områdeplan Vestlia, miljøopprydding gamle Geilo skytebane, vidareutvikle viktig infrastruktur og utvikling av bustader og fritidsbustader.

Les også
Skarvetårnet toppar millionsatsing: – Eit kjempeløft for sommarturismen
Les også
Utbyggingane står i kø - kan bli investert for éin milliard kroner

Spesialdeponi

Heile området kring skytebanen er no sperra av. Forureina masse skal gravast opp, samlast og registrerast. All grunn som er forureina blir også geomerkt.

– Alle massane har ulike kategoriar, og når desse er fjerna frå eit område, skal staden målast på nytt før det er friskmeldt, opplyser Kristiansen.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken krev at dei mest forureina massane med bly og tungmetall skal frakast til eit spesialdeponi. Massane skal vegast på veg ut av området og på nytt når dei kjem tilbake. Det same gjeld masse som er mindre forureina og som kan brukast djupt under framtidige løypetrasear.

Det må byggast ny veg inn i området for å transportere ut forureina masse. I botnen av lia blir det også bygd eit fordøyingsbasseng.

For å rydde området blir det bygd ny veg inn i området, og her blir det installert ei vekt lastebilane må over. Det skal sprengast ut ei grop for forureina masse. Eit fordøyingsbasseng skal sørge for at minst mogleg jordmasse skal kome ut i bekken som renn gjennom området.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I miljøundersøkinga er det ikkje funne fare for avrenning frå forureina masser på skytebanen, seier Kristiansen.

Les også
Nytt selskap og store planar
Les også
Henta inn ekspertar frå Australia - no er sykkelstien ein realitet

Strenge krav

SkiGeilo Utvikling har hyra inn selskapet Cowi AS for å kontrollere og dokumentere arbeidet. Når alt er avslutta, blir det laga ein rapport som skal godkjennast av statsforvaltaren før området kan takast i bruk. Kor lang tid oppryddingsarbeidet vil ta, er uvisst.

– Kostnadsbiletet har me ikkje oversikt over, seier Kristiansen.

– Det må vere eit svært krevjande prosjekt?

– Her er det ingen rom for tilfeldigheiter. Krava er strenge. Men denne jobben må me ta, elles hadde det aldri vorte rydda her. Området kunne uansett ikkje vorte nytta som fritidsområde på grunn av fortida som skytebane. Her var det treningar i vekedagane, stemne i helgar og det var øvingar med Heimevernet og politiet.

Les også
Målet er nådd: – Har ikkje heilt gått opp for meg at eg har gjennomført ein slik tur
Les også
Stølsrocken knuste alle rekordar: – Eg har hatt Eidsvåg i bakhovudet i 2-3 år, så å få det realisert var utruleg
Les også
Familiestemning i finvêret - sjå biletdryss frå Hallingmarken