SkiGeilo opnar sommarparken denne veka. Det gjer dei med ein ny klatrepark til 11 millionar kroner. Utbygginga er gjort i samarbeid med Høyt & Lavt. Skarvetårnet på 15 meter ruvar.

Skarvetårnet toppar millionsatsing: – Eit kjempeløft for sommarturismen

SkiGeilo sparar ikkje på noko i sommarparken. Med ny klatrepark skal dei verkeleg ta grep om sommarturismen.

15 meter i vêret ruvar Skarvetårnet. Det toppar satsinga som er gjort før den store sesongopninga i Vestlia laurdag. I samarbeid med Høy & Lavt-konsernet har SkiGeilo bygd klatrepark.

– Det har vorte utruleg bra. Dette er eit kjempeløft for sommarturismen, seier dagleg leiar Kevin Eikrehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

11 millionar

Saman med prosjektleiar Knut Olav Tufto står han på toppen i Skarvetårnet. Tårnet er bygd i massivtre og har ei rekkje klatreruter. For dei som tør, er det to stader å kaste seg ut i fritt fall. Tufto og Eikrehagen ser ned på dei nytilsette instruktørane. Dei trenar sikkerheit og redning. Det må vere på plass før opninga.

Prosjektleiar Knut Olav Tufto (t.v.) og dagleg leiar Kevin Eikrehagen i SkiGeilo på toppen av Skarvetårnet.

– I tillegg til Skarvetårnet har me sju løyper med ulik vanskegrad. Løypene er korte, dei må ikkje vere for lange. Det er meir morosamt å gå fleire gonger i same løypa og oppleve meistring og utvikling seier Eikrehagen.

Arbeidet med klatreparken alpinselskapet har bygd saman med Høyt & Lavt er ei stor investering.

– Elleve millionar kroner, seier Eikrehagen om prislappen.

Les også
Alpinanlegg jublar etter rekordpåske: – Aldri opplevd maken
Les også
Denne brua kosta 50 millionar kroner - det er verdt ei offisiell markering

Høgare kapasitet

Men så blir det eit veldig løft for sommarparken.

– No har me eit nytt aktivitetstilbod å tilby gjestene som kjem til Geilo, seier Eikrehagen.

I parken har dei no klatring, zipline (løypestreng på norsk), flytstigar for sykkel og restaurant.

Den nye klatreparken har ruter med ulik vanskegrad.

Klatreparken blir den tredje Høyt & Lavt-parken i Hallingdal etter Ål og Hemsedal. Eikrehagen og Tufto trur på stor trafikk utover sommaren. Statistikk frå Høyt & Lavt viser då også at deira 26 parkar i Norge og Sverige er populære. I 2021 besøkte 300.000 gjester utandørsparkane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde ein gamal klatrepark, som i si tid var blant dei første i landet. Den kunne ta 120 gjester på ein dag. Men den var utdatert og då var det naturleg å kople seg på Høyt & Lavt, seier Eikrehagen.

– I den nye parken har me kapasitet på 200 per tre timar, seier Tufto.

Ski og sykkel er satsingsområde for SkiGeilo. I denne løypa kan du krysse med ein sykkel.
Les også
Satsar stort med ny klatrepark: - Me har valt ut det beste av installasjonar

– Unik

Eikrehagen seier satsinga på sommarturisme er viktig for selskapet.

– Me vil ha heilårs arbeidsplassar. Dei tilsette her i parken jobbar hjå oss om vinteren også.

Med snøkrystallar, ski og snøbrett er det tydeleg kva SkiGeilo er mest kjent som. Men sommarturismen blir viktigare og viktigare. Det er den nye klatreparken eit eksempel på.

Frå marknadssjef Olav Terje Valebjørg i Høyt & Lavt er meldinga klar. Dei er glade for å etablere seg på Geilo. Han trur som Eikrehagen at parken vil løfte sommardestinasjonen.

– Klatreparken er eit typisk eksempel på god kombinasjon av sesongbaserte aktivitetar. Klatreparksesongen går hand i hand med skisesongen, og er derfor eit av dei beste tiltaka for å utvikle sommardrift i samband med skisenteret.

Om klatreparken, seier Valebjørg:

– Klatreparken på Geilo er faktisk unik i sitt slag i Norge. Den kombinerer eit stort klatretårn i massivtre med ein fullskala klatrepark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Utvidar med fleire ladarar og satsar på solenergi: – Målet er å dekke halve straumforbruket sjølv
Les også
Nytt skuletak må vente - blar opp nye millionar til sentrum
Les også
Bassen fekk korona, stjernesopranen sår hals - sommaropera blir det likvel