Nytt selskap og store planar
Geilo Holding set fart i utbyggingsplanane. Det nye selskapet SkiGeilo Utvikling AS skal realisere store planar neste åra.
Eigar i Geilo Holding og styreleiar i SkiGeilo Utvikling, Arne Pålgardhaugen, seier dei har brukt mange år på å utvikle planar og bygge ein organisasjon.
– No skal me inn i ein drifts- og gjennomføringsfase.
Artikkelen held fram under annonsen.
Langsiktige planar
Nystifta SkiGeilo Utvikling AS får ei sentral rolle. Berit Heitmann frå Ål er tilsett som dagleg leiar frå 1. desember. Ho kjem frå mangeårig jobb i Ål kommune. Det nye selskapet er eit søsterselskap til SkiGeilo AS, der Kevin Eikrehagen er dagleg leiar. Selskapa er igjen eigd av Geilo Holding AS, der Pålgardhaugens Kikut Eiendom og Ivar Tollefsens Fredensborg Fritid eig 50 prosent kvar.
Pålgardhaugen seier det er ein langsiktig og heilskapleg plan som ligg bak.
– Denne tankegangen har vore ein grunnstein for all utvikling me har gjort opp gjennom åra. Dette er også bakgrunnen for at me no opprettar selskapet SkiGeilo Utvikling AS.
Selskapet skal bidra til utvikling av destinasjonen Geilo med berekraft, sosiale og kulturelle forhold som viktige element, seier Pålgardhaugen.
– Næringsutvikling og tilflytting må vere målet i det store biletet.
Vestlia-planen
Planen skal realiserast over dei neste tiåra og utvikle baseområda til SkiGeilo på Kikut, i Vestlia-området, Havsdalen, Halstensgård og taubanetomta. Den nyleg vedtekne områdeplanen for Vestlia reiselivsområde er ein viktig del av desse planane.
Utbygging av infrastruktur og det dei kallar «grøn mobilitet» er også berande element i satsinga. Stikkord er kollektivtransport og nye heisar, løyper og det utbyggarane kallar aktivitetsinfrastruktur.
– Me vil prøve å gjere destinasjonen mindre avhengig av privatbil. Her held me fram det me alt har starta, seier Pålgardhaugen, og viser til innkjøpet av tre skibussar i 2017.
Artikkelen held fram under annonsen.
Desse har sidan frakta skigjestene mellom anlegga. Etter kvart blir desse elektriske.
Store planar
Etter at kommunestyret i Hol vedtok områdeplanen for Vestlia reiselivsområde, ligg mange planar klare dei neste åra. SkiGeilo Utvikling skal arbeide vidare med:
* Nye Geilo Taubane.
* Grøn transport og mobilitet.
* Infrastruktur områdeplan Vestlia.
* Miljøopprydding gamle Geilo skytebane.
* Vidareutvikle viktig infrastruktur.
* Utvikling av bustader og fritidsbustader.
Nye Geilo taubane
Heilt sentral i den grøne satsinga er også den planlagde heisen frå sentrum til Geilohovda. Den gamle taubanen var eit varemerke i fleire tiår fram til nedlegginga i 2011, men no er det nye planar på gang. SkiGeilo Utvikling er i full gang med planlegging av ein ny og moderne installasjon.
— Nye Geilo taubane vil vere ein kabinheis frå Geilo sentrum til Geilohovda og vidare til Havsdalen. Ønsket er å skape oppleving kor naturen i Hallingskarvet nasjonalpark, høgfjellet, Geilohovda og Havsdalen kjennest sentrumsnær og tilgjengeleg for alle, seier Pålgardhaugen
Ein avgjerande faktor i arbeidet med den nye heisen, er jernbanebrua som blir heist på plass i helga og skal stå klar i løpet av hausten. Den vil knyte sentrum saman med området kring Dr. Holms og alpinbakkane i lia.
– Det blir heilt fantastisk, og det er grunn til å rose Bane Nor og Hol kommune for at dei har fått dette til. Saman med den nye heisen blir dette heilt unikt for Geilo, og noko ingen konkurrentar kan kopiere, seier Pålgardhaugen.